Maldiskusjon:Infoboks norsk fylke

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ta ein titt på forminskinga i forhold til originalen i til dømes artikkelen om Østfold. Forminskinga ser ikkje ut til å vera ei forminsking av den "originale" fila ein får når ein trykker på henne. Sjå blanta anna på Svalbard, korleis forminskinga får nokon ekstra flekkar og koss lina rundt Svalbard faktisk er tjukkare enn i originalen. Til samanlikning kan de sjå korleis eit tilsvarande kart på no:Østfold ikkje har det same problemet. Idéar? Bjarte 19. des 2004 kl. 00:26 (UTC)

Parlamentarisme[endre wikiteksten]

I denne malen burde det kanskje vere råd å legge inn Byrådsleiar/Fylkesrådsleiar for dei fylka som har ein parlamentarisk styreform. Det gjeld: Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Hedmark og Oslo i tillegg Bergen kommune. stykkjet 10:45, 11 januar 2007 (CET)

Eg har gjort det (håper eg) og endra infoboksen i Troms fylke. Rett slik? Eg veit ikkje heilt kva som er best når det gjeld Bergen og Oslo, kanskje dei kan få eigne skreddersydde malar. --Ranveig 19:11, 13 januar 2007 (CET)
Fint, men kanskje fylkesordføraren og burde vere med? stykkjet 20:59, 13 januar 2007 (CET)

I Nordland skulle eg gjerne skrive inn både fylkesrådsleiaren og fylkesordføraren. Kan nokon hjelpe meg å leggje på plass Odd Eriksen frå Ap som fylkesrådsleiar?-Knut 17:45, 26 oktober 2007 (CEST)

Dette gjeld alle dei fire fylka med parlamentarisme; Troms, Nordland, Nord-Trøndelag og Hedmark. stykkjet 21:30, 26 oktober 2007 (CEST)

Då det vart rydda plass for fylkesrådsleiaren, vart barnet kasta ut med badevatnet - slik at det ikkje lenger er plass til fylkesordføraren. Det var ikkje bra, for han står etter det eg vil tru øvst på rangstigen. - Knut 17:34, 13 november 2007 (CET)

Han er lagt til igjen no --Frokor 19:42, 14 november 2007 (CET)
Det verkar OK for Nordland, men ein del fylke viser berre partiet (t.d. Møe og Romsdal)--Andreasv 19:50, 14 november 2007 (CET)
Det kjem av at det der står «ordførarnamn =» i staden for «ordførar =» --Frokor 20:05, 14 november 2007 (CET)

Huffda... Er alt i orden no? Og mens me driv på, er det fleire fyndige fakta ein bør ha med om eit fylke? Og er det nokon som er klar over kor vanskeleg det er å tenka logisk når ein driv og mekker malar midt på mørke natta? (Bokstavrim derimot...) --Ranveig 23:18, 14 november 2007 (CET)