Maldiskusjon:Infoboks parti

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er motstandar av fikserte filnamn i infoboksmalar, og meiner filnamnet bør ligge som ein parameter slik som den andre informasjonen. T.d. er det slik at den dagen Kristin Halvorsen ikkje lenger er partileiar i SV, så må det eksisterande fotografiet først flyttast til nytt namn, t.d. Kristin_Halvorsen.png og så må det lastast opp eit nytt bilete på det "rette" filnamnet, altså Sosialistisk_Venstreparti_partileiar.png av den nye leiaren. Eit foto av ein noverande partileiar som kan brukast under fri lisens vil jo vera særs anvendeleg å bruke til andre artiklar óg, og då er eit filnamn som skildrer avbilda person, og ikkje aktuell rolle på den tida biletet lastast opp, det mest korrekte.--Kristian Haraldson 6. mar 2005 kl. 0933 (UTC)

Det er vel greit å endra frå Fylkesstyrerepresentant til Fylkestingsrepresentant i malen? --Gunnernett 29. mar 2005 kl. 1602 (UTC)

Malen er fin dersom ein fyller ut alle felta, men dei som ikkje vert fylte ut (ting ein ikkje hugsar eller ikkje veit om mindre parti og utanlandske parti) burde ha forsvunne. No vert det ei tom lina. Kunne òg tenkt meg fleire namn-felt, sånn at ein kan skriva inn kva språk ulike namn er på. --Tannkrem 22:05, 21 februar 2008 (CET)

Hmmm. Treng litt meir arbeid, ja. --Tannkrem 22:37, 21 februar 2008 (CET)
No vart det bra! --Tannkrem 08:08, 22 februar 2008 (CET)
Det er noko gale med biletet. Det burde ha vore sentrert. Sjå Batasuna. --Tannkrem 08:40, 22 februar 2008 (CET)
Går det an å gjera malen smalare? I Internet Explorer her eg sit no ser han veldig brei ut, gjer han det andre stader? Kan malen stilla seg inn etter biletet? --Tannkrem 10:55, 22 februar 2008 (CET)
Eg prøvde utan fastsett breidde, då blei han svært samanklemt. Om me reduserer frå 50 til 40, slik som no, blir det kanskje betre?
Ja no er eg nøgd. Me kan ikkje ha han smalare, då får me ikkje plass til dei lange orda. Så flink du er! --Tannkrem 11:16, 22 februar 2008 (CET)

Punktet «utbrytarar» kom ikkje med når eg prøvde å leggja inn eit utbrytarparti i Akp. Og me burde kanskje ha med «ideologi» (sjølv om eg personleg synest det er vanskeleg å gje att eit parti sin politikk med berre eitt meir eller mindre offisielt ord), det er eitt av dei flittigast brukte punkta frå den gamle malen. --Tannkrem 20:23, 22 februar 2008 (CET)

Ungdomsparti[endre wikiteksten]

Sjå Grøn ungdom. Denne malen passar ikkje heilt til ungdomsparti slik som han er no. Njardarlogar (diskusjon) 4. april 2012 kl. 12:50 (CEST)[svar]