Maldiskusjon:Levde-lua

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har prøvd å bruka malen i artikkelen om Gange-Rolv. Då er det noko som ikkje verker. Han skal vera fødd rundt 860 og død i 932. Om ein ikkje tek med "ca." eller "rundt" verker malen. Men med dette argumentet: "fødd ca. 860 og død 932" får eg berre resultatet "(ca.)", og med "fødd rundt 860 og død 932" får eg skriptfeil. Hjelp? --Ranveig (diskusjon) 19. august 2013 kl. 00:03 (CEST)[svar]

Då var det fiksa. --Njardarlogar (ordskifte) 19. august 2013 kl. 16:07 (CEST)[svar]
Godt og raskt, takk! --Ranveig (diskusjon) 19. august 2013 kl. 17:04 (CEST)[svar]

OK, då har eg laga ei side (mogeleg ho vert flytt til eit meir logisk namn) som sjekkar helsa til malen/modulen (i skrivande stund har modulen éin kjend feil, som ein ser). Eg trudde eg sjekka at dei nye endringane i levde-modulen ikkje skulle knekkja noko, men noko gjekk i surr. I alle fall lèt denne sida ein sjekka om den gjeldande versjonen av malen/modulen verkar som ein skal. Gjennom malførehandsvisingsfunksjonen kan òg kven som helst reintrodusera ein fungerande versjon av modulen gjennom å sjå på resultet av å førehandsvisa eldre versjonar av modulen på helsesjekksida. --Njardarlogar (ordskifte) 23. august 2013 kl. 18:38 (CEST)[svar]