Maldiskusjon:Unicode

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er denne malen verkjeleg naudsynt?[endre wikiteksten]

Som de ser så har eg fjerna malen frå sidene som Ranveig la den i. Så mange eksotiske emne som det blir skrive om og så mange uttaleforklaringar som blir lagt til så vil ein snart enda opp med denne malen i bruk på 50 % av sidene, og den er desverre ikkje så veldig fin. Eg skjønar kvifor den vart laga, men dei fleste brukarar vil etterkvart ha nettlesarar som støttar unicode ganske bra. Dersom brukarar prøvar å redigere ei side med ein nettlesar som ikkje støttar unicode vil MediaWiki:Nonunicodebrowser (sjå i Spesial:Allmessages), dette bør difor ikkje vera noko problem. Eg planlegg å leggja ei lenkje til Hjelp:Unicode (kanskje det fins ein engelsk versjon av den sida?) i den beskjeden, men må finna ut om eg skal bruka wiki eller HTML først, og til det treng eg ein nettlesar som ikkje støttar unicode ...:).

Eg trur ei lenkje til hjelpesida til dei som tydlegvis får problem er ei mykje betre løysing enn ein slik (stygg:) boks i 50 % av sidene våre (eller 30 % for den sks skuld). --Guttorm 19. apr 2005 kl. 0859 (UTC)

Einig med Guttorm. -- Larsivi 19. apr 2005 kl. 0929 (UTC)

Det verste er at eg er einig, òg - malen er distraherande og plasskrevjande, og heilt uturvande for alle som har nye nettlesarar. Derimot syntest eg me trengde noko, ettersom to brukarar i det siste har klaga på Unicode dei ikkje kan sjå. Guttorm si løysing høyrest fin ut, arbeid vidare med den!

Elles kan vel malen få stå på diskusjonssida til Unicode-tunge sider, i det minste i ei viss tid framover? -- Ranveig 19. apr 2005 kl. 1750 (UTC)

På sider som brukar mykje "eksotisk" unicode kan den vel til nød brukast:=) Det hadde også vore fint å utvikla hjelpesida litt meir (men så er det jo ganske mykje som hadde vore fint å utvikla meir... :]). Når det gjeld "løysinga mi" så har eg lagt lenkje til Hjelp:Unicode i MediaWiki:Nonunicodebrowser i m:LanguageNn.php, det vert aktivert neste gong den vert oppgradert i programvaren, noko som kan ta 1-4 mnd. Me kan også gjera det direkte i Mediawiki-namnerommet, men det likar eg ikkje sidan ev. seinare endringar på den beskjeden i m:LanguageNn.php ikkje vil vera aktive her (utan at ein oppgraderar i MediaWiki-namnerommet også, poenget er at det blir meir arbeid). --Guttorm 19. apr 2005 kl. 1952 (UTC)