Maldiskusjon:Wikimediaprosjekt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nei samd at open kjeldekode ikkje er bra for Wikisource. Var nok litt rask i vendingane der. Dokument ser jo greit ut enn så lenge. Bjarte 26. mar 2005 kl. 0037 (UTC)

Wikisourcelenkja[endre wikiteksten]

Wikisourcelenkja går no til ei side som ikkje lenger er i bruk. Veit ikkje om ho skal endrast til http://wikisource.org/wiki/Main_Page:Nynorsk eller http://en.wikisource.org/wiki/Main_Page:English eller noko anna? --Jorunn 17. sep. 2005 kl. 17:35 (UTC)

Eg endra til Main Page:Nynorsk. Eg trur det er det beste. EIRIK\diskusjon 17. sep. 2005 kl. 18:16 (UTC)

http://no.wikisource.org/wiki/Hovedside er oppretta. Det verkar noko i uvissa enno, men det verkar som om det vesle som er av stoff på http://wikisource.org/wiki/Category:Norsk kjem til å verte overflytta til no.wikisource.org. Må det gjerast om på malar og lenkjer til wikisource? Vil ein mal som Mal:wikisource kunne brukast om ein vil lenkje til kjeldetekst på andre språk? Eller må det lagast eigne malar for kvar språkavdeling av wikisource?--Jorunn 17. juli 2006 kl. 01:24 (UTC)
Lenkja til Wikisource er framleis feil, det manglar ei «wiki»; ho burde vere: «http://no.wikisource.org/wiki/Hovudside?uselang=nn». V85 8. juli 2009 kl. 12:33 (CEST)[svar]
Slik var det, ja. No kjem ein fram dit ein skal. --Ranveig 8. juli 2009 kl. 12:41 (CEST)[svar]

Språkbruk[endre wikiteksten]

Under Wikibooks bør det heite "Bøker og handbøker" på norsk og ikkje "Bøker og manualar". Ein "manual" er på norsk berre det som ein ogso omtaler som handvekter (eit treningsreiskap). Dette usignerte innlegget vart skrive av 158.112.86.82 (diskusjon · bidrag)

Eg tok vekk manualane, sjølv om det i fylgje Nynorksordboka kan tyde handbok. Men bøker dekkjer vel handbøker òg. --Jorunn 26. februar 2009 kl. 12:36 (CET)[svar]