Hopp til innhald

Male Srakane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Male Srakane
Vele Srakane med Male Srakane i bakgrunnen
Vele Srakane med Male Srakane i bakgrunnen
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar44°34′N 14°19′E
Areal0,605 km²
Administrasjon
LandKroatia
Fylke
Kommune
Primorje-Gorski Kotar
Mali Lošinj
Demografi
Folketal2 (2021[1])

Male Srakane er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, mellom øyane Lošinj, Unije og Susak, like sør for Vele Srakane. Då øyane var del av keisardømet Austerrike-Ungarn var Vele og Male Srakane kjend som Gross- og Klein-Kanidol. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Mali Lošinj i fylket Primorje-Gorski Kotar.

I følgje statistikkar har øya no berre 2 fastbuande.[1] Fleire folk kjem til om sommaren. Innbyggjarane på Male Srakane har stort sett levd av fiske og jordbruk.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001[2]Folketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Male Srakane222
  1. 1 2 3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
  2. «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  3. «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.