Malene Sandved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malene Sandved

Fødd 14. september 1867
Død

1948 (80 år)

Malene Sandved med den store barneflokken.

Malene Sandved (fødd Åsland, fødd 14. september 1867 Jæren, død 1948) var ei norsk prestefrue, mor til ti og den fyrste styraren ved husmorskulen i Stryn. Sandved var ei føregangskvinne for eit godt og sunt kosthald. Ho heldt mange frukt- og grønsakskurs omkring i «amtet» og skreiv ei kokebok som har vore viktig for mange husmødrer i Sogn og Fjordane.

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

Malene var fødd på Jæren. Ho gifte seg med sokneprest Samuel Pedersen Sandved og saman flytta dei til Årdal. I august 1908 døydde presten brått av slag, og fru Sandved sat åleine att med ein stor barneflokk. I fleire år hadde ho allereie halde kurs i frugt og grønsakers anvendels i regi av Landbrukslaget. Dette la grunnlaget for yrkeskarrieren hennar som styrar ved husmorskulen i Stryn.

Utdanning for kvinner[endre | endre wikiteksten]

Sogn og Fjordane fylke (Nordre Bergenhus Amt fram til 1919) var svært tidleg ute med utdanning for kvinner. Alt i 1877 var det ein amtskule for jenter i Holmedal. Etter kvart kom det krav om å utvide dette utdanningstilbodet for jenter. På den tida var jordbruk hovudnæringa og husmora sine arbeidsoppgåver på ein gard var svært omfattande og krevjande. Alt stell av mat, hus, fjøs og klede, samt av born og gamle, var kvinnene sitt ansvar. For å bli ei dugande husmor måtte det utdanning til. På årsmøtet til Nordre Bergenhus Landbrukslag i 1911 heldt Malene Sandved eit foredrag om Hvad der kan gjøres for unge kvinders utdannelse til dyktige husmødrer.

Ei «velskikka styrarinde»[endre | endre wikiteksten]

I juni 1912 heldt Amtstinget for Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane fylke) tingsetet i Stryn, og 13.juni 1912 vart det gjort vedtak om at husmorskulen skulle leggast til Stryn. Dette vert rekna som skipingsdatoen for skulen. Malene Sandved vart skulen sin fyrste styrar. Sandved var allereie kjendt som en særdeles dygtig husmor med betydelig anseelse inden amtet, og vart vurdert som ei velskikka styrarinde.

Den eldste dottera til Malene Sandved, Serina Sandved, vart tilsett som lærarinne. Undervisninga gjekk over 5 månader og skulle gjere dei unge jentene til dyktige husmødrer. Av elevane var Sandved omtykt og respektert, og dei vart glad i henne. På si side tykte styrarinna også om elevane. I årsmeldinga skreiv ho: Elevenes opførsel og forhold var under hele kurset det allerbedste.

Kursverksemd[endre | endre wikiteksten]

Malene Sandved var styrarinne i fleire år, og kvar haust hadde ho kurs i frukt og grønsaker rundt omkring i amtet. Etter kvart gjekk ho over i fast stilling som vandrelærarinne for Landbrukslaget. Dette gjorde ho heilt til ho fylte 60, og fylkestinget strauk løyvinga for desse kursa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]