Mali Furunes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mali Furunes
Fødd 11. juli 1888
Vestnes
Død

22. desember 1968

Mali Furunes (fødd 11. juli 1888 i Vestnes, død 22. desember 1968) var ein norsk skodespelar og dansar. I 1913 vart ho med Det Norske Teatret på turne. Etter det heldt ho fram som skodespelar der. Furunes var særleg oppteken av folkedans. Klara Semb og Hulda Garborg støtta henne i det arbeidet. Frå 1914 heldt ho kurs i folkedans for Noregs Ungdomslag. Ho reiste mykje rund i landet, særleg Nord-Noreg, om folkedansinstruktør.

I 1928 kom ho til Romsdalsmuseet. Der starta ho første barneleikarringen i Noreg. Vinterstida reiste ho som danseinstruktør. Det heldt ho fram med heilt til krigen. Etter krigen arbeidde ho mykje med gamle folkedrakter i Romsdal, og ho laga Bolsøybunaden, som var ferdig i 1947.

Ho fekk Kongens fortenestmedalje i 1951. Ho døydde i Oslo.

I 1978 vart det avduka ei minneplate av henne på Romsdalsmuseet. Malin Furunes veg i Molde har fått namn etter henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]