Malin Aune
Utsjånad
Malin Aune | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. mars 1995 (29 år) Selbu kommune |
Idrett | handball |
Malin Aune (fødd 4. mars 1995) er ein norsk handballspelar frå Trondheim som vart europameister med Noreg i 2016. Frå landslagsdebuten i mars 2015 til utgangane av 2018 deltok ho i 40 landskampar og skåra 58 mål.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Aune spelte på heimlege Ranheim IL før ho signerte for Selbu IL på nivå to i seriesystemet. Ho deltok i Ungdoms-VM 2012, der Noreg tok bronse etter siger 36–30 over Romania i bronsefinalen. Etter å ha avslutta vidaregåande skule i 2014 melde ho overgang til oslolaget Oppsal IF. Sommaren 2017 fekk ho kontrakt med Vipers frå Kristiansand.
Aune var med på det norske landslaget som vann Handball-EM 2016 i Sverige.
Merittar landslag
[endre | endre wikiteksten]- EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark