Malin Reitan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malin Reitan

Fødd8. august 1995
FødestadTrondheim i Noreg
AliasMalin
OpphavNoreg
Aktiv2005–i dag
SjangerPop
Instrumentvokal
Tilknytte artistarCeline Helgemo
PlateselskapMBN/Universal
Verka somsongar, låtskrivar
PrisarSpellemannprisen for årets barneplate

Malin Reitan, kjend som Malin, (fødd 8. august 1995 i Trondheim) er ein norsk songar. Ho vann Melodi Grand Prix Junior 2005 og fekk representere Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2005, der ho enda på tredjeplass. I 2012 enda ho på tredjeplass i den andre delfinalen i Melodi Grand Prix og gjekk vidare til finalen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho vart fyrst kjend etter å ha vunne den norske finalen i Melodi Grand Prix Junior 2005. I den europeiske finalen, Junior Eurovision Song Contest 2005 enda ho på tredjeplass. Ho har gjeve ut fem plater. 8. mai 2006 platedebuterte ho med Malin på månen, og 27. november same året vart oppfølgjaren, Malins jul, utgjeven. 16. april 2008 gav Malin ut den tredje CD'en sin: PANG!. 2. november 2009 slapp ho albumet Malin, som ho seinare vann Spellemannprisen 2009 for. 8. desember 2010 gav ho ut albumet Julekonserten saman med kollegaen og venninna Celine Helgemo.

I 2008 fylte Malin saman med nettopp Celine, den største salen i Olavshallen i Trondheim heile fem gonger med joleshowet sitt. Det har ingen andre artistar, verken norske eller utanlandske, greidd, korkje før eller sidan. Dei har gjenteke konsertane både i 2009 og 2010 der det òg har vore stor suksess, med Olavshallen utselt tre gonger. 9. oktober 2009 deltok ho i Beat for BeatNRK. Ho vann Spellemannprisen 2009 i klassa barneplate for albumet Malin. Ho er med dette tidenes yngste Spellemannprisvinnar. Under same utdelinga var ho med på å dela ut heidersprisen til Jahn Teigen. Malin har selt over 120 000 plater totalt og ho har motteke til saman fem gulltrofé og eitt platinatrofé.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Malin på månen
  • 2006: Malins Jul
  • 2008: Pang!
  • 2009: Malin
  • 2010: Julekonserten med Celine Helgemo