Mall Tool Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mall Tool Company vart stifta i 1921 i Milwaukee i Wisconsin i USA av Arthur Mall, men innan eit år hadde føretaket flytta til Chicago[1]. Mall bygde òg ein fabrikk i Toronto i Ontario i Canada. I byrjinga produserte Mall drivakslingar for slipemaskinar.

I 1941 tok Mall til å produsera motorsager, inspirert av motorsagene til Stihl. Den fyrste modellen var tomannssaga Mall 4, som hadde bensinmotor, men Mall tok òg til å produsera elektrisk og pneumatisk drive sager. Model 5 var ein oppdatert versjon av modell 4. Men det var fyrst etter at 2. verdskrig var over at produksjonen av motorsager tok av, og dei nye tomannssagene 6 og 7 vart sette i produksjon.

På 1950-talet vart det klart at einmannssagene ville ta over, og i 1955 kjøpte Mall Hornet Industries, som da produserte einmannssager. Produksjonen av einmassager vart då flytta frå Guelph til Mall sin fabrikk i Toronto. Sagene til Mall kunne leverast både med vanleg sverd og med bogesverd. Mall produserte òg mykje anna utstyr, som pumper, platevibratorar, etc.

I 1956 vart Mall kjøpt av våpenprodusenten Remington, som heldt fram med å produsera motorsager, fyrst med merkenamnet Mall/Remington og seinare berre Remington.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.