Mallakastër
Mallakastër | |||
---|---|---|---|
Utsyn mot åsane i Mallakastër | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Fier | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 388 km² | ||
Flatevidd - By |
329 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
27 062[1] | ||
Koordinatar | 40°36′0″N 19°44′0″E / 40.60000°N 19.73333°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Mallakastër kommune innafor regionen Fier |
Mallakastër er ein kommune i regionen Fier i Albania. Kommunen ligg noko sør for midten av landet, søraust for Fier. Han grenser i nordaust til regionen Berat, i søraust til regionen Gjirokastër og i sørvest til regionen Vlorë.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Ballsh vart slått saman med landkommunane Qendër Dukas, Greshicë, Aranitas, Hekal, Ngraçan, Kutë, Fratar og Selitë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Ballsh.
Ved folketeljinga i 2011 hadde dei ni kommunane som i dag utgjer storkommunen Mallakastër, til saman hadde 27 062 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Mallakastër.[3]