Malmö Konsthall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°35′43″N 12°59′57″E

Malmö Konsthall

Malmö Konsthall er ein kunsthall for moderne og samtidig kunst, som ligg sentralt i Malmö i Sverige. Kunsthallen vart opna i 1975[1] og har rundt 200 000 besøkande kvart år.[2]

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Interiør

Bygningen, som er teikna av Klas Anshelm, har eit utstillingsareal på 2000 m² og utmerker seg med sitt lyse og fleksible interiør.[1] [3] Han fekk Kasper Salin-prisen i 1974.

I 1994 vart kunsthallen restaurert og utvida med lokale i nabohuset, eit eldre teglsteinshus kalla «Hantverkshuset».[2] Der finst også ein restaurant og ein bokhandel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Om Malmö Konsthall, S. 1, Malmö Konsthall. Henta 2. september 2015.
  2. 2,0 2,1 Om Malmö Konsthall, S. 2, Malmö Konsthall. Henta 2. september 2015.
  3. Malmö konsthall: Färgstark 40-åring som fortsätter att provocera, Lokaltidningen Malmö. Henta 2. september 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]