Malta i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malta i Eurovision Song Contest
EuroMalta.svg
Offisielt Repubblika ta' Malta
Republic of Malta

PBS
Uttakingar
Nasjonalt 32
Internt 0
Deltaking
Debutår 1971
Deltakingar 32
Beste resultat
Semifinalen 3 (2016)
Finalen 2 (2002 og 2005)
Verste resultat
Semifinalen 25 (2007)
Finalen Sist (1971, 1972 og 2006)
Poeng
Semifinalane 1 128
Finalane 1 950
Totalt 3 078

Malta debuterte i Eurovision Song Contest i 1971 med songen «Marija l-Maltija», sungen av Joe Grech. Sidan den gong har Malta delteke 32 gonger. Bidraga vert valt gjennom ei nasjonal utveljing, arrangert av allmennkringkastaren PBS. Malta har aldri vunne tevlinga, men har kome på andreplass to gonger; i 2002 og 2005. Malta har kome sist tre gonger; i 1971, 1972 og 2006. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Malta kvalifisert seg til finalen 9 av 16 gonger, seinast i 2019.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er den maltesiske allmennkringkastaren PBS som sender Eurovision Song Contest på Malta, og som vel artisten og songen som skal representere landet i Eurovision Song Contest. Malta debuterte i konkurransen i 1971 med songen «Marija L-Maltija», framført på maltesisk av Joe Grech. Malta fekk ein svak start i tevlinga, med sisteplass på sine to første forsøk, i 1971 og 1972. Landet heldt seg borte frå konkurransen dei to neste åra, og kom tilbake i 1975. Det året enda Malta på 12. plass av 19 deltakande land. Malta skulle òg ha delteke i 1974 og 1976, men trekte seg frå tevlinga av ukjende årsaker.[2]

Returen[endre | endre wikiteksten]

Landet hadde ein pause på heile 16 år. Malta forsøkte å få deltake i 1990, men Den europeiske kringkastingsunionen hadde sett ei øvre grense på 22 deltakande land. Året etter valde Nederland å stå over tevlinga, og dimed vart det plass til Malta.[2][3] Returen vart ein suksess, og Malta enda opp blant dei ti beste åtte år på rad. I 1998 var Malta nær ved å vinna, men vart slått på målstreken av Israel og Storbritannia. Også i 2002 var Malta nær ved å vinna, men måtte gje tapt for Latvia då dei siste poenga kom inn. Malta fekk ein ny andreplass i 2005.

Etter 2005 har Malta hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Maltas tredje sisteplass kom i 2006, og dei fem påfølgjande åra kvalifiserte Malta seg til finalen berre éin gong. Etter 2012 har Malta kvalifisert seg til finalen kvart år, med unntak av 2015 og 2017 . Åttendeplassen i 2013 er Maltas beste plassering dei siste ti åra.[1]

Malta er det mest suksessrike landet som framleis ikkje har vunne Eurovision Song Contest. Det er også eit av landa som har flest deltakingar utan ein siger; berre Kypros har delteke fleire gonger utan å vinna per 2019.[4]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Sidan engelsk er eit av dei offisielle språka på Malta, har Malta hatt føremonen av å synga på engelsk. Berre to gonger, i 1971 og 1972, har Malta sunge på maltesisk. I 2000 inneheldt songen «Desire» tre linjer på maltesisk.[1]

Bidraga i Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1971 Joe Grech «Marija l-Maltija» Maltesisk 052 18
1972 Helen og Joseph «L-imħabba» Maltesisk 48 18
Deltok ikkje i 1973
1974 Enzo Guzman «Paċi fid-Dinja» Maltesisk Trukket
1975 Renato «Could It Be» Engelsk 32 12
1976 Enzo Guzman «Sing Your Song, Country Boy» Engelsk Trukket
Deltok ikkje mellom 1977 og 1990
1991 Paul Giordimaina og Georgina «Could It Be» Engelsk 106 6
1992 Mary Spiteri «Little Child» Engelsk 123 3
1993 William Mangion «This Time» Engelsk 69 8
1994 Chris og Moira «More Than Love» Engelsk 97 5
1995 Mike Spiteri «Keep Me In Mind» Engelsk 76 10
1996 Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 68 10 138 4
1997 Debbie Scerri «Let Me Fly» Engelsk 66 9
1998 Chiara «The One That I Love» Engelsk 165 3
1999 Times Three «Believe 'n Peace» Engelsk 32 15
2000 Claudette Pace «Desire» Engelsk og maltesisk 73 08
2001 Fabrizio Faniello «Another Summer Night» Engelsk 48 9
2002 Ira Losco «7th Wonder» Engelsk 164 2
2003 Lynn Chircop «To Dream Again» Engelsk 4 25
2004 Julie og Ludwig «On Again... Off Again» Engelsk 50 12 74 8
2005 Chiara «Angel» Engelsk 192 2 Topp 12 året før
2006 Fabrizio Faniello «I Do» Engelsk 1 24 Topp 11 året før
2007 Olivia Lewis «Vertigo» Engelsk Ikkje kvalifisert 15 25
2008 Morena «Vodka» Engelsk 38 14
2009 Chiara «What If We» Engelsk 31 22 86 6
2010 Thea Garrett «My Dream» Engelsk Ikkje kvalifisert 45 12
2011 Glen Vella «One Life» Engelsk 54 11
2012 Kurt Calleja «This Is the Night» Engelsk 41 20 70 7
2013 Gianluca Bezzina «Tomorrow» Engelsk 120 8 118 4
2014 Firelight «Coming Home» Engelsk 32 23 63 9
2015 Amber «Warrior» Engelsk Ikkje kvalifisert 43 11
2016 Ira Losco «Walk on Water» Engelsk 153 12 209 3
2017 Claudia Faniello «Breathlessly» Engelsk Ikkje kvalifisert 55 16
2018 Christabelle «Taboo» Engelsk 101 13
2019 Michela «Chameleon» Engelsk 107 14 157 8
2020 Destiny Chukunyere «All of My Love» Engelsk Avlyst
2021 Destiny Chukunyere «Je me casse» Engelsk og fransk

Røystgjeving (1975-2019)[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Malta har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Italia 164
02 Storbritannia 134
03 Sverige 125
04 Kypros 94
05 Hellas 90

Malta har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Storbritannia 94
02 Irland 87
03 Kroatia 82
04 Tyrkia 78
05 Spania 77

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Malta har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Sverige 81
02 Nederland 66
03 Noreg 57
04 Aserbajdsjan 51
05 Romania 48

Malta har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Makedonia 55
02 Armenia 54
03 Storbritannia 52
04 Aserbajdsjan 45
05 San Marino 43

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Malta – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 «No, No, Never!!! - Songs That Did Not Make It To Eurovision (arkivert side)». eurovisionsongs.net. Arkivert frå originalen 2009-03-01. Henta 18. desember 2016. 
  3. «Eurovision Song Contest 1991». eurovision.tv. Henta 18. desember 2016. 
  4. Mike (26. juni 2017). «LIST: The ten countries that have competed the most times at Eurovision without a win». wiwibloggs. Henta 27. juni 2017. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]