Alvesmettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maluridae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alvesmettar


Krattemusmett, Stipiturus malachurus Illustrasjon Henrik Grønvold, 1917, Public domain
Krattemusmett, Stipiturus malachurus
Illustrasjon Henrik Grønvold, 1917, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Maluridae
Slekter
  • Amytornis
  • Vitskapleg namn
    Maluridae
    Swainson, 1831

    Alvesmettar, vitskapleg namn Maluridae, er ein biologisk familie av små, insektetande sporvefuglar endemiske til Australia og Ny-Guinea. Jamvel om dei ber fellesnamnet 'smett', er dei ikkje relatert til gjerdesmettar på den nordlege halvkula. Familien inkluderer tre emusmettar og ti grassmettar.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Blåalvesmett, Malurus cyaneus, hann- og hofugl
    Foto: Wikimedia-brukar benjamint444
    Edelalvesmett, Malurus elegans
    Foto: Cas Liber
    Kvitvengalvesmett, Malurus leucopterus
    Foto: Wikimedia-brukar Matncathy
    Steingrassmett, Amytornis purnelli
    Foto: Christopher Watson

    Alvesmettar er små til mellomstore fuglar, finst i mange ulike miljø, frå regnskog til ørken, men dei fleste artane lever i grasland eller krattskog. Grassmettar er godt kamuflerte med svart og brunt mønster, men andre artar har ofte briljant farga fjørdrakt, spesielt hannar.[1]

    Dei er insektetande, og typisk beitar dei i kratt. Dei byggjer kuppelforma reir i område med tett vegetasjon, og det er ikkje uvanleg at ungfuglar held seg i reiret for å hjelpe til med kommande kull.[1]

    Alvesmettar er kjent for fleire spesielle åtferdsmessige eigenskapar. Dei er sosialt monogame, men seksuelt promiskuøse, noko som tyder at sjølv om dei dannar par, vil kvar partnar pare seg med andre individ og til og med medverke til omsut for ungar i slike ekstrapar. Hannar av fleire artar plukkar kronblad med iaugefallande fargar og syner dei til hofuglar.

    Songen av alvesmettar er samansett, og minst to artar har, i tillegg til varselkall, ein annan stemmebruk som nyttast i møte med predatorar som slaktarfuglar. Denne songliknande lydytringa nemnast «type II vokalisering».

    Systematikk og artsliste[endre | endre wikiteksten]

    Tidlegare var alvesmettar klassifiserte på ymse vis. Over tid har alvesmettar vore medlemmar av flugesnapparfamilien, songarfamilien og timalfamilien. Med morfologisk arbeid og dei store framstega i DNA-analysar mot slutten av 1900-talet, vart posisjonen deira klår: Maluridae er ein av dei mange familiane som har vakse fram frå den store «corvid-strålinga» i Australasia. Dei næraste slektningane deira er honningetarar, Meliphagidae, og diamantfuglar, Pardalotidae.[2][3] Den openberre likskapen til gjerdesmettar i Europa og Amerika er ikkje genetisk, men berre konsekvensen av konvergent evolusjon mellom meir eller mindre urelaterte artar som deler den same økologiske nisjen.

    Alvesmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

    Slekt Amytornis

    Slekt Stipiturus

    Slekt Sipodotus

    Slekt Clytomyias

    • Rustalvesmett, Clytomyias insignis, Orange-crowned Fairywren, LC, Sharpe, 1879

    Slekt Chenorhamphus

    Slekt Malurus

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 196. ISBN 1-85391-186-0. 
    2. Barker, FK; Barrowclough GF, Groth JG (2002). «A phylogenetic hypothesis for passerine birds; Taxonomic and biogeographic implications of an analysis of nuclear DNA sequence data». Proc. R. Soc. Lond. B 269 (1488): 295–308. PMC 1690884. PMID 11839199. doi:10.1098/rspb.2001.1883.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
    3. Barker, FK; Cibois A, Schikler P, Feinstein J, Cracraft J (2004). «Phylogeny and diversification of the largest avian radiation» (PDF). Proc. Natl. Acad. Sci. USA 101 (30): 11040–11045. PMC 503738. PMID 15263073. doi:10.1073/pnas.0401892101. Henta 2007-10-12.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
    4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
    5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]