Kattostfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Malvaceae)
Kattostfamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Juss., 1789

Kattostfamilien (Malvaceae) er ein tofrøblada plantefamilie i kattostordenen. Han omfattar rundt 236 slekter og 3700 artar, dei fleste tropiske. Familien omfattar for det meste urteaktige vekstar og sjeldnare buskar eller tre. Døme på plantar i kattostfamilien er bomull, durian, hibiskus, kattost, poppelrose og stokkrose.

Blada til plantane i familien er spreidde, handnerva og meir eller mindre innskorne eller heile. Blomane er regelmessige, oftast store med vakre fargar. Begeret og krona er 5-talige. Pollenberarane er talrike og samanvaksne til ei søyle midt i blomen. Han har 3–8 fruktblad og dannar ei spaltefrukt eller kapselfrukt.

Nyare molekylære studiar har ført til at kattostfamilien også omfattar Bombacaceae. Denne tidlegare plantefamilien er no rekna som underfamilien Bombacoideae i kattostfamilien. Plantane i denne gruppa er kjenneteikna ved at dei er er tre, nokre av dei kjempestore, og dei fleste med svært laus og lett ved. Innsida til fruktveggen hjå nokre av plantane er kledd med hår, og kan brukast til tekstilproduksjon. Nokre av artane blir difor kalla bomulls- eller silkebomullstre. Til underfamilien høyrer mellom anna apebrødtreet og balsatreet.

I Noreg veks det fire slekter frå kattostfamilien. Alle er innførte, og anten prydplantar eller ugras.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kattostfamilien» i Store norske leksikon, snl.no.