Malyj Uzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malyj Uzen
elv
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Nedslagsfelt 18 250 km²
Lengd 638 km

Malyj Uzen (russisk Малый Узень, «Vesle Uzen») er ei elv i Saratov oblast i Russland og Vest-Kasakhstan oblast i Kasakhstan. Elva er 638 km lang og har eit nedslagsfelt på 18 250 km².

Malyj Uzen har utspring nord for byen Jersjov, på vestsida av Obsjtsjij Syrt-platået i Russland. Frå her renn ho sørover, over steppene i Den kaspiske senkinga, og munnar ut i Vest-Kasakhstan, i eit nettverk av små innsjøar og myrer kalla Kamysj-Samarskij-sjøene. Malyj Uzen renn parallelt med elva Bolsjoj Uzen, 50 km lengre aust.

Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og vassføringa er derfor størst i april, medan delar av elva om sommaren tørker heilt inn. Ved landsbyen Malyj Uzen varierer vassføringa frå 3,4 m³/s til 782 m³/s. Elva er isdekt frå desember til vårløysinga i mars-april.

Elva vert nytta til vassforsyning og irrigasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]