Malyj Vysotskij

Koordinatar: 60°38′22″N 28°33′58″E / 60.63944°N 28.56611°E / 60.63944; 28.56611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsk kart over Vysotsk-området (Uuras) med Malyj Vysotskij (Ravansaari) øvst

Malyj Vysotskij (russisk Малый Высоцкий, finsk Ravansaari) er ei øy nordvest i Russland, i dag leigd ut til Finland. Det ligg i Viborgbukta, ved sidan av Vysotsk, 12 km sørvest for Viborg.

Mellom 1918 og 1940 var øya ein del av Finland og heitte Ravansaari. Ho var busett av nesten tusen finnar som hovudsakleg levde av tømmerhogst. Under den andre verdskrigen i 1940 vart ho annektert av Sovjetunionen (i lag med omliggande område) og vart ein del av Karelsk-Finsk SSR. I 1941 vart ho gjenerobra av finske troppar og annektert av Finland. I juni 1944 vart ho igjen underlagt den raude arméen og vart igjen ein del av Sovjetunionen. Øya vart då kalla Malyj Vysotskij. Det vart signert ein avtale i 1963 om leige av øya og den nærliggande Saimaa-kanalen til Finland i ein periode på femti år.

På grunn av avtalen og at øya er isolert frå både Finland og Russland har radioamatørar gjort Malyj Vysotskij til eit eige område, som Hawaii eller Alaska. Dette og det at Aleksander Stepanovitsj Popov gjorde sine første radioeksperiment i området på byrjinga av 1900-talet, har gjort øya til ein attraksjon for såkalla DX-pedition-folk. Alle slike ekspedisjonar er organisert av ei finsk-russisk gruppe som ført oppstod i 1988.

60°38′22″N 28°33′58″E / 60.63944°N 28.56611°E / 60.63944; 28.56611

Kjelder[endre | endre wikiteksten]