Mama Said av The Shirelles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mama Said
Singel av The Shirelles
frå albumet The Shirelles Sing to Trumpets and Strings
B-side

«Blue Holiday»

Utgjeve 1961
Innspelt Bell Sound Studios, New York, New York, U.S.
Lengd 2:11
Selskap Scepter
Låtskrivar(ar) Luther Dixon, Willie Denson
Produsent Luther Dixon
The Shirelles-kronologi 
«Dedicated to the One I Love»
(1961)
Mama Said «A Thing of the Past» / «What a Sweet Thing That Was»
(1961)


«Mama Said» er ein song av The Shirelles, skriven av Luther Dixon og Willie Denson. Songen kom ut på singel i 1961 og vart ein hit. «Mama Said» nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på R&B-lista.[1] Songen er sidan blitt spelt av American Spring, Melanie, Dusty Springfield og The Stereos, i tillegg til ein ung Dionne Bromfield. Han var òg inspirasjon for songen «Days Like This» av Van Morrison. Songen er òg blitt spelt av Nick Lowe i 2001 på albumet hans The Convincer.

Songen vrt spelt i avslutninga av ein episode i tredje sesongen av Orange is the New Black..

Billboard kåra songen til den 44. beste songen på lista deira over dei 100 beste songane av jentegrupper.[2]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1961) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 4
U.S. Billboard Hot R&B Sides 2

Dionne Bromfield-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«Mama Said» vart spelt inn av Dionne Bromfield for albumet hennar Introducing. Songen kom òg ut på singel og nådde då 43. plassen på UK Singles Chart.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 523. 
  2. «100 Greatest Girl Group Songs of All Time: Critics' Picks». Billboard. Henta 21. februar 2018. 
  3. «DIONNE BROMFIELD FEATURING DIGGY SIMMONS». The Official Charts Company. Henta 21. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]