Mama Weer All Crazee Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mama Weer All Crazee Now
Singel av Slade
frå albumet Slayed?
B-side Man Who Speeks Evil
Utgjeve 25. august 1972
Innspelt 1972
Sjanger Hardrock, glamrock[1]
Lengd 3:45
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi
«Take Me Bak 'Ome»
(1972)
Mama Weer All Crazee Now «Gudbuy T'Jane»
(1972)


«Mama Weer All Crazee Now» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1972 som den første singelen frå det tredje studioalbumet Slayed?. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han gjekk til topps på den britiske singellistar og var den tredje singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i ti veker.[2] I USA nådde songen 76. plassen.[3]

Singelen gjekk til topps både i Storbritannig og Irland og vart ein hit over heile Europa.[4] «Mama Weer All Crazee Now» var den første melodien Lea skreiv heilt aleine. Holder fekk ideen til teksten under ein konsert på Wembley Arena i London. Etter konserten såg han på restane av øydelagde sete i auditoriet og tenkte «Herregud, alle må ha vore heilt galne i kveld.»[5][6] Songen heitte opphavleg «My My We're All Crazy Now». Då Holder og Lea spelte songen akustisk for Chandler for første gongen, trudde han at Holder song «Mama We're All Crazy Now».[5] Namnet vart endra etter dette då Holder og Lea tenkte at tittelen til Chandler var betre.[7]

B-sida til singelen var «Man Who Speeks Evil» og var eksklusiv på singelen før han til slutt kom ut på samleplata B-Sides i 2007.[8] Det vart ikkje laga musikkvideo til songen.[9][10] I Storbritannia framførte songen på musikkshowet Top of the Pops. I Tyskland vart songen framført på TV-showa Disco og Musikladen. Han vart òg framført på TopPop.[11]

AllMusic-skribenten Dave Thompson skildra songen som «komplett adrenalinmonster, øyredøyvande høgt med teksten framført av eit hest brølt».[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
  1. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
  2. «Man Who Speeks Evil» - 3:15
7"-singel (Argentina)
  1. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
  2. «Take Me Bak 'Ome» - 3:13
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
  2. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Australia (Kent Music Report)[12] 14
Den austerrikske singellista[13] 6
Den belgiske singellista[14] 11
Den nederlandske singellista[15] 7
Den franske singellista[16] 30
Den tyske singellista[17] 6
Irish Singles Chart[18] 1
Den sveitsiske singellista[19] 5
UK Singles Chart[4] 1
US Billboard Hot 100[20] 76

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade
Andre medverkande

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1973 gav Les Humphries Singers & Orchestra ut ein versjon av songen på albumet deira Sound '73.[21]
  • I 1973 spelte den tyske komponisten og storbandleiaren James Last spelte inn ein instrumental orkestrert versjon av songen for albumet Non Stop Dancing 1973.[22]
  • I 1978 spelte det amerikanske rockebandet The Runaways inn ein versjon av songen for albumet deira And Now... The Runaways.[23]
  • I 1984 spelte det amerikanske heavy metal-bandet Quiet Riot inn ein versjon for albumet deira Condition Critical.[24] Han kom ut på singel og nådde 51. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[25]
  • I 1984 spelte det irske hardrockbandet Mama's Boys inn ein versjon av songen for det sjølvoppkalla albumet sitt. Han kom òg ut på singel.[26][27]
  • I 1988 gav det spanske heavy metal-bandet Ángeles del Infierno ut ein versjon av songen i 1988 på albumet deira 666.[28]
  • I 1990 spelte glamrockbandet The Metal Gurus inn ein versjon av songen som B-side til singelen «Merry Xmas Everybody», ein annan Slade-song. Singelen vart produsert av Holder og Lea, og nådde 55. plassen i Storbritannia.[29][30]
  • I 1996 gav John Springate frå glamrockgruppa The Glitter Band ut ein versjon av songen for glamrockalbumet Wham Bam Thank You Glam.[31]
  • I 1996 gav det engelske rockabillybandet Big 6 ut ein versjon av songen på albumet Ready to Rock.[32]
  • I 1997 gav det walsiske antifascististke Oi!-bandet The Oppressed ut ein versjon av songen på EP-en «The Noise», i lag med coverversjonar av Slade-songane «Cum On Feel the Noize» og «Gudbuy T'Jane».[33] The three covers were also included on the 1998 album More Noize for the Boys.[34]
  • I 2009 gav det amerikanske skapunk-bandet Reel Big Fish ut ein versjon av songen på albumet Fame, Fortune and Fornication.[35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rivadavia, Eduardo (17. mars 2013). «Top 10 '70s Glam Rock Songs». Ultimate Classic Rock. Henta 9. oktober 2021. 
  2. «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 9. oktober 2021. 
  3. «Slade - Chart history». Billboard. Henta 9. oktober 2021. 
  4. 4,0 4,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 9. oktober 2021. 
  5. 5,0 5,1 Noddy Holder (1999). Noddy Holder – Who's Crazee Now?. Ebury Press. ISBN 0-09-187503-X. 
  6. 6,0 6,1 Song Review by Dave Thompson. «Mama Weer All Crazee Now - Slade | Song Info». AllMusic. Henta 9. oktober 2021. 
  7. «CD Album - Slade - Greatest Hits - Feel The Noize - Polydor - UK». 45worlds.com. 9. februar 2015. Henta 9. oktober 2021. 
  8. «CD Album - Slade - B-Sides - Salvo - Europe». 45worlds.com. Henta 9. oktober 2021. 
  9. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 9. oktober 2021. 
  10. Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986
  11. «Slade - Mama Weer All Crazee Now • TopPop». YouTube. Henta 9. oktober 2021. 
  12. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. Steffen Hung. «Slade - Mama Weer All Crazee Now». austriancharts.at. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 7. oktober 2021. 
  14. «Slade - Mama Weer All Crazee Now». ultratop.be. Henta 9. oktober 2021. 
  15. Steffen Hung. «Slade - Mama Weer All Crazee Now». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 7. oktober 2021. 
  16. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 2013-10-26. Henta 9. oktober 2021. 
  17. musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet». musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021. 
  18. Jaclyn Ward - Fireball Media Group. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 7. oktober 2021. 
  19. Steffen Hung. «Slade - Mama Weer All Crazee Now». hitparade.ch. Arkivert frå originalen 10. januar 2011. Henta 7. oktober 2021. 
  20. «Slade - Chart history». Billboard. Henta 9. oktober 2021. 
  21. Steffen Hung (17. mars 2012). «The Les Humphries Singers & Orchestra - Sound '73». hitparade.ch. Henta 9. oktober 2021. 
  22. «Vinyl Album - James Last - Non Stop Dancing '73 - Polydor - Tyskland». 45worlds.com. Henta 9. oktober 2021. 
  23. «Vinyl Album - The Runaways - And Now... The Runaways - Cherry Red - UK». 45worlds.com. 10. oktober 2016. Henta 9. oktober 2021. 
  24. AllMusic Review by Stephen Thomas Erlewine. «Condition Critical - Quiet Riot». AllMusic. Henta 9. oktober 2021. 
  25. «Quiet Riot - Chart history». Billboard. Henta 9. oktober 2021. 
  26. «Recording: Mama weer all crazee now - Mama's Boys». Second Hand Songs. 20. januar 2009. Henta 7. oktober 2021. 
  27. «Mama's Boys - Mama Weer All Crazee Now / Face To Face - Jive - USA - JS 1-9213». 45cat. Henta 9. oktober 2021. 
  28. «Ángeles Del Infierno - Biography». Metal Storm. 25. juni 2017. Henta 9. oktober 2021. 
  29. «CD singles - The Metal Gurus - Merry Xmas Everybody / Metal Guru - Mercury - UK - GURCD 1». 45worlds.com. Henta 9. oktober 2021. 
  30. «METAL GURUS | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 7. oktober 2016. 
  31. «Medium: Wham Bam Thank You Glam - (1996)». Second Hand Songs. 10. februar 2008. Henta 7. oktober 2021. 
  32. «Big Six: Ready to Rock». Henta 1. april 2013. 
  33. «Oppressed, The - The Noize E.P (Vinyl) at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  34. «Oppressed, The - More Noize for the Boys (Vinyl, Album) at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  35. «Reel Big Fish - Fame, Fortune And Fornication at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021.