Mamonovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Mamonovo
Мамоново
Byvåpenet til Mamonovo
Byvåpenet til Mamonovo


Plassering
Mamonovo is located in Russland
Mamonovo is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1301
1946
Geografi
Flatevidd
 - By

20 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

7 471
  373,6 /km²
Koordinatar 54°28′″N 19°56′″EKoordinatar: 54°28′″N 19°56′″E
Høgd over havet 15 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 238450
Retningsnummer (tlf) +7 40156
Nettstad: admmamonovo.ru

Mamonovo (russisk Мамоново, tysk Heiligenbeil, polsk Święta Siekierka eller Świętomiejsce, litauisk Šventpilis) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 7000 innbyggjarar. Han ligg rundt 50 km sørvest for Kaliningrad.

Den tyske riddarordenen grunnla Heiligenstadt nær ein gammalprøyssisk busetnad og endra seinare namnet til Heiligenbeil. Som ein del av Kongeriket Preussen og seinare Tyskland låg han i Aust-Preussen.

Mot slutten av den andre verdskrigen fall Heiligenbeil-lomma til den raude armeen etter kraftige kampar mellom januar og mars 1945. Byen vart fullstendig øydelagd i kampane. Etter krigen vart området annektert av Sovjetunionen og innlemma i Kaliningrad oblast. Den tyske folkesetnaden vart utvist og erstatta med russarar. Bynamnet vart endra til Mamonovo, etter den sovjetiske kommandanten Nikolai Mamonov som vart drepen ved Pultusk 26. oktober 1944.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.