Mamoudzou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mamoudzou
by
Mamoudzou vu de la mer.jpg
Land Flag of France.svg Frankrike
Region Mayotte
Areal 41,94 km²
Folketal 57 300 (juli 2007[1])

Mamoudzou
12°46′50″ S 45°13′40″ E
Mamoudzou.png
Wikimedia Commons: Mamoudzou

Mamoudzou er hovudstaden i det franske oversjøiske departementet Mayotte i Indiahavet. Han ligg på den største øya i departementet, Grande-Terre eller Mahoré. Mamoudzou er den folkerikaste kommunen i øya, og rundt 27 % av øybuane bur der.[1] Mamoudzou blei gjort til hovudstad i 1977, etter Dzaoudzi på den mindre øya Petite-Terre eller Pamanzi.[2]

Båtar i havet ved Mamoudzou.

Mamoudzou ligg nordaust på Mahoré, vest for sundet mot Pamanzi. Det er herfrå båtkontakten med den mindre øya føregår.[2]

Mamoudzou er ein kommune som er delt i tre kantonar: Mamoudzou I (Mamoudzou Kawéni), Mamoudzou II (M’Tsapéré Cavani) og Mamoudzou III (Passamainti, Itoundzou 1, Itoundzou 2 og Vahibéni).[3]

I sentrum av byen ved hamna finst ein statue av Zaïna Mdéré, som kjempa for at Mayotte skulle fortsette å høyra til Frankrike medan Komorane fekk sjølvstende, og marknaden i byen. På Mahabou-odden ligg grava til Andrianantsouly, den siste sultanen av øya. I M’Tsapéré-området i sør ligg den kvite Balamanga-moskéen og bygningar frå kolonitida. Kaweni i nord er eit industriområde som også har ein yrkesfagleg vidaregåande skule.[2]

Mamoudzou huser dei fleste sentrale tenestene i Mayotte, mellom anna det sentrale sjukehuset og biblioteket.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Rencensement : 212.600 habitants à Mayotte en 2012» (15. nov. 2012), zinfos974.com
  2. 2,0 2,1 2,2 Chronologie (du 20 juillet 1953 au 22 juin 2007) Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine., www.cg976.fr (Conseil Général de Mayotte)
  3. Mamoudzou Arkivert 2008-11-22 ved Wayback Machine., www.cg976.fr (Conseil Général de Mayotte)
  4. Hôpitaux de Mayotte (Mamoudzou); Bibliothèque départementale Arkivert 2014-04-28 ved Wayback Machine., cg976.fr

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Mamoudzou