Man'yōgana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sider frå Genryaku kōbon Man'yōshū frå 1000-talet.
Utviklinga av hiragana frå man'yōgana

Man'yōgana (万葉仮名) er eit gammalt skriftsystem for japansk som nytter kinesiske teikn til å uttrykka dei ulike språklydane. Dette var det første kanasystemet ein brukte til å skriva japansk, og er opphavet til dei moderne skriftsystema hiragana og katakana. Nøyaktig kva tid systemet blei utvikla er ukjend, men det var i bruk på midten av 600-talet. Namnet man'yōgana er avleidd frå Man'yōshū, ein diktantologi frå Nara-perioden skriven med man'yōgana.

Sjølv om tekstar som nytta dette systemet også kunne bruka kinesiske teikn som vanlege logogram, viser man'yōgana berre til bruken av kinesiske teikn med fonetiske verdiar. Desse verdiane kom frå dåtidas kinesiske uttale, eller i nokre høve japansk uttale av teikna. Til dørmes kunne teiknet 木 (som logografisk tyder 'tre') bli lese som lyden /mo/ (basert på mellomkinesisk [məwk]) eller /ko/ eller /kwi/ (som har tydinga 'tre' på gammaljapansk).[1]

Forenkla versjonar av man'yōgana danna grunnlaget for dei to forskjellige moderne skriftsystema hiragana og katakana, som blir brukt til å skriva moderne japansk.[2]

Katakana med dei tilsvarande teikna i man'yōgana. (Delane av man'yōgana-teikna som blei til katakana-teikn er markerte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjarke Frellesvig (29 July 2010). A History of the Japanese Language. Cambridge University Press. s. 14–15. ISBN 978-1-139-48880-8. 
  2. Peter T. Daniels (1996). The World's Writing Systems. Oxford University Press. s. 212. ISBN 978-0-19-507993-7.