Man on the Edge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Man on the Edge
Singel av Iron Maiden
frå albumet The X Factor
B-side

«The Edge of Darkness»
«Judgement Day»
«Justice of the Peace»
«I Live My Way»
«Blaze Bayley Interview»

Utgjeve 25. september 1995
Sjanger Heavy metal
Lengd 4:19
Selskap EMI[1]
Låtskrivar(ar) Blaze Bayley
Janick Gers[2]
Iron Maiden-kronologi 
«Hallowed Be Thy Name (live)»
(1993)
Man on the Edge «Lord of the Flies»
(1996)


«Man on the Edge» er ein song av Iron Maiden frå albumet The X Factor frå 1995. Songen er basert på filmen Falling Down med Michael Douglas. Han var den første singelen bandet gav ut med Blaze Bayley på vokal.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til eit intervju med Bayley og eit anna spor frå The X Factor, inneheld singelen tre originale songar som ikkje kom med på albumet. Det er ein av to songar frå Blaze Bayley-tid som kom med på samleplata Edward the Great, i lag med «Futureal», i tillegg til ein av tre som kom med på Best of the Beast i lag med «Sign of the Cross» og «Virus».

Iron Maiden spelte ofte denne songen under Ed Hunter-turneen i 1999, og var dermed ein av fem songar frå Bayley-tida som vart spelte på konsertane til bandet etter han slutta.

Ein konsertversjon av songen frå 1999 vart gjeven ut på singelutgåva av «The Wicker Man» i 2000 og samleplata From Fear to Eternity frå 2011, med Bruce Dickinson på vokal.

Det vart laga tre musikkvideoar for songen. Den eine var filma i Masada i Israel, den andre var meir filmaktig der bandet spelar medan ein man kastar seg sjølv utfor ein bygning, og den tredje var ein promovideo som bestod av klipp frå ein lågkomisk stumfilm i svartkvit. Denne tredje versjonen fanst som eit påskeegg på DVD-en Visions of the Beast.

Songen vart nytta i videospelet Carmageddon 2.

På singelomslaget til CD 1 er hjernen til Eddie skoren i to, medan på omslaget til CD 2 er hjernen intakt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Man on the Edge» (Blaze Bayley, Janick Gers) – 4:19
  2. «The Edge of Darkness» (Steve Harris, Bayley, Gers) – 6:40
  3. «Judgement Day» (Bayley, Gers) – 4:09
  4. «Blaze Bayley Interview, Part I» – 5:41

CD 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Man on the Edge» (Bayley, Gers) – 4:19
  2. «The Edge of Darkness» (Harris, Bayley, Gers) – 6:40
  3. «Justice of the Peace» (Dave Murray, Harris) – 3:38
  4. «Blaze Bayley Interview, Part II» – 5:55

12" vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «Man on the Edge» (Bayley, Gers) – 4:19
  2. «The Edge of Darkness» (Harris, Bayley, Gers) – 6:40
  3. «I Live My Way» (Harris, Bayley, Gers) - 3:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå singelomslaget:[3][4][5]

Iron Maiden
Produksjon
  • Nigel Green – produsent, miksing
  • Ronal Whelan – mastering

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Den finske singellista 1[6]
Den franske singellista 33[7]
VG-lista i Noreg 18[8]
Sverigetopplistan 23[9]
UK Singles Chart 10[10]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Metal-bandet Iron Rainbow spelte ein versjon av «Man on the Edge» for samlealbumet Metal Injection (A Lethal Dose of Heavy Metal Mayhem) frå 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Man on the Edge». Amazon.com. 
  2. «The X Fator». Iron Maiden Official Website. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. Henta 1. september 2016. 
  3. «Man on the Edge» CD One. Iron Maiden. EMI. 25 September 1995. 
  4. «Man on the Edge» CD Two. Iron Maiden. EMI. 25 September 1995. 
  5. «Man on the Edge» Biletdisk Single. Iron Maiden. EMI. 25 September 1995. 
  6. «Iron Maiden Diskografi». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  7. «Discographie Iron Maiden». SNEP (på French). Lescharts.com. Henta 31. august 2016. 
  8. «Iron Maiden discography». VG-lista. norwegiancharts.com. Henta 31. august 2016. 
  9. «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  10. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 7 October 1995». Official Charts Company. Henta 31. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]