Manawatū-Whanganui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Manawatu-Wanganui)
Manawatū-Whanganui
Land  New Zealand
Areal 22 206 km²
Folketal 225 900
Kart
Manawatu-Wanganui
39°36′ S 175°36′ E
Wikimedia Commons: Manawatū-Whanganui Region

Manawatū-Whanganui (uoffisielt Manawatu-Wanganui)[1] er ein region i den sørlege halvdelen av NordøyaNew Zealand, kring byane Palmerston North og Wanganui. Palmerston North er administrasjonssenter i regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Regionen består av heile eller delar av ti separate distrikt. Fem av desse er delte med fem andre regionar, det meste for nokon av regionane i landet. I fallande rekkefølgje av areal er distrikta: Ruapehu, Tararua (del av), Rangitikei (del av), Manawatu, Wanganui, Horowhenua, Stratford (del av), Palmerston North, Waitomo (del av), og Taupo (del av).[2]

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Manawatū-Whanganui er dominert og avgrensa av nedfallsområda til to større elver, Whanganui og Manawatū. Whanganui er den lengste farbare elva på New Zealand. Denne elva var svært viktig for dei første maoribusetjarane fordi ho er den sørlegaste delen av ei kjede av vassvegar som som spente over nesten to tredjedelar av Nordøya. Det var eit av dei viktigaste områda der maoriar busette seg; det var lett å erobra klipper, og matforsyningane var rikelege. Maoriforteljingar understrekar kor viktig denne elva har vore, og ho er enno heilag for iwiar i Wanganui. Maoriar langs kysten og på slettene i låglandet dyrka søtpotet (kumara) og andre avlingar.

Mykje av Manawatū-Whanganui-regionen var fruktbar og elles dekt med skogar og buskvekstar då europearane kom og fann at området hadde store førekomstar av tømmer. Sagbruk og produksjon av tauverk frå Phormium var dei dominerande næringsvegane i det 19. hundreåret, etterfølgd av av ei tilstrøyming av sauebønder som drog nytte av den nyleg rydda jorda. Snauhogst, brenning av tømmer og busker og ei storstilt drenering saman med overbeiting førte til betydeleg øydelegging av miljøet. Tidleg på 1900-talet vart styresmaktene klare over at nøye tilsyn og styring var naudsynt for å ta vare på dette viktige jordbruksområdet.

Medan dei opne slettene Manawatu Plains etter kvart vart tett busette av europearar, vart innlandsområda som Ruapehu, Rangitikei og Wanganui verande meir maoridominerte, avsidesliggjande og uavhengige. Så seint som på 1950-talet var Whanganui River enno ei mystisk elv. Seinare, då utnyttinga av elva sine kommersielle potensial opna opp områda, skapa dette ofte gnissingar med dei lokale māoriane som lenge hadde hatt klagemål mot styresmaktene. Regionen er blitt eit av dei viktigaste beiteområda på New Zealand, denne statusen stadfesta styresmaktene då landbruksutdanning ved Massey Agricultural College vart opna i 1920-åra.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Manawatū-Whanganui-regionen omfattar ein større del av den sørlege delen av Nordøya. Han er den nest største regionen på Nordøya, og den sjette største på New Zealand, med eit areal på i alt 22 215 km² (8,1 % av det totale arealet til New Zealand). Regionen strekkjer seg frå nord for Taumarunui til sør for Levin på vestkysten, og over øya til austkysten frå Cape Turnagain til Owhanga. Han grensar til Waikato, Taranaki, Hawke's Bay og Wellington og omfattar nedfallsområda frå vulkanplatåa til havet. Stillehavet utgjer den austlege avgrensinga, og høgdedraget Ruahine Ranges dannar ei naturleg grense mellom regionen og Hawke's Bay. Det er ti distrikt i regionen, og fem av desse er delte med andre regionar.

Dette utstrekte landområdet omfattar ei rekkje landskapsformer. Distrikta nær det vulkanske området Volcanic Plateau ligg høgare og er meir ulendt, og er ofte utsett for streng kulde om vinteren. Manawatu District har ein jamnare topografi, der dei flate, trekledde slettene Manawatu Plains utgjer mykje av distriktet som strekkjer seg mellom fjellrekkjene og havet. Landet låg under havoverflata fram til for om lag 500 000 år sidan, og og har enno eit tjukt lag av marine sediment, mellom fem og seks millionar år gamle. Ei forkastingssone under dette tjukke sedimentære laget har danna ein serie kollar og mindre senkingar i landskapet. Desse strukturane kan danna naturlege reservoar for olje, og der har vore leiteboring i somme av kollane i Manawatu. Kollane har forma elveløpet til Manawatu-elva, og gjeve det eit buktande forløp som, eineståande blant newzealandske elver, byrjar nær austkysten, og renn ut ved vestkysten. Manawatu-elva byrjar like innanfor Hawke's Bay-regionen, renn så gjennom ei djup slukt til Manawatu Plains før ho munnar ut i Tasmanhavet. Wanganuidistriktet er meir ulendt, med canyon-liknande dalar og slukter som er gravne ut or dei mjuke klippene av elver og av havet.

Det ligg fleire fjellrekkjer i regionen, mellom desse Tararua og Ruahine Ranges - i tillegg tre større, aktive vulkanar på Nordøya. Desse tre toppane tårnar seg opp over det vulkanske platået. Mount Ruapehu, 2 797 moh. er det høgaste fjellet på Nordøya, Ngauruhoe er 2 291 m høgt og Tongariro 1 968 m. I løpet av dei siste 100 åra har Ruapehu hatt seks større utbrot, dei siste så seint som i 1995 og 1996.

Tre større elver deler opp regionen: Whanganui (290 km), Manawatu (182 km) og Rangitikei (241 km). Whanganui er den nest lengste elva og har det nest største nedslagsområdet på Nordøya, og tek mot det meste av nedbøren vest for Tauposjøen. Det er få vegar i området, som har nokre av dei største viddene med naturleg skog som er att på Nordøya.

Jordlag og vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Jordsmonnet i regionen er fruktbart når det vert gjødsla. I Manawatu og Horowhenua-distrikta er det sandjord og sumpområde langs kysten og løss-dekte terrassar og elvesletter i innlandet. Desse elveslettene og sumpområda inneheld fruktbare grusavsetjingar (alluviale avsetjingar) og organisk jordsmonn. På dei tørrare terassane i innlandet er gulgrå jordslag vanlegast. Det flatare og mest grøderike jordsmonnet høver for sauehald og dyrking, medan det bakkete landskapet i Rangitikei høver betre for mindre intenst saue- og kveghald. Områda nær det vulkanske platået består for ein stor del av pimpstein som manglar essensielle sporelement, men i dette området av regionen er mykje av landskapet nasjonalpark.

Manawatū-Whanganui har eit heller mildt klima, men det kan vera store svingingar i vêrlaget i innlandet. Hotellkomplekset Chateau Tongariro som ligg i skisportområdet ved Mount Ruapehu, har målt den lågaste temperaturen nokon gong på Nordøya, -13,6 Celsius°C den 7. juli 1937. Om sommaren er regionen varm, maksimumstemperaturane midt på dagen ligg mellom 20,1 og 22,9 °C. Talet på solskinstimar ligg i det meste av regionen nær landsgjennomsnittet, mellom 1 800 og 2 000 timar årleg, men Palmerston North er meir overskya med eit gjennomsnitt på 1 725 solskinstimar i året. Om vinteren ligg minimum dagtemperatur i gjennomsnitt mellom 4,0 og 7,9 °C, medan innlandet er kaldare. Waiouru har ein gjennomsnittleg dagtemperatur på 0,1 °C.

Nedbørsmengda på slettene ligg litt under landsgjennomsnittet, Palmerston North har i gjennomsnitt 960 mm nedbør årleg, medan resten av regionen ligg kring gjennomsnittet for New Zealand med mellom 1 000 og 2 000 mm årleg.

Verna område og nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Manawatū-Whanganui-regionen omfattar område som er av stor økologisk interesse, og dette har gjeve seg uttrykk i at om lag ein sjuandedel av landarealet her høyrer til dei verna områda til nasjonen. Tongariro National Park er det største verna området i regionen (795,98 km²), og den eldste nasjonalparken i landet, oppretta i 1887. Vulkanane Tongariro, Ruapehu og Ngauruhoe er heilage for māoriane og vart gjevne til nasjonen av Te Heuheu Tukino IV, overhøvding i iwien Ngati Tuwharetoa. Dei utgjer kjernen i parken, som no har fått status som eit verdsarvområde.

Whanganui nasjonalpark er litt mindre (742,31 km²) og vart oppretta 99 år seinare då ei rekkje verna reservat vart innlemma i parken og gjevne status som nasjonalparkar. Der er også to statlege skogområde i dei ulendte, krattkledde Ruahine og Tararua Ranges. Dei fire parkane kan by på høve til skisport, fotturar, jetbåtsport og rafting.

Regionstyret, som har ansvar for å ta vare på naturlege og fysiske ressursar, står for flaumvern og overvakar miljøproblem, som skadedyr og ureining. Innførte skadeplantar grip om seg og truar med å skada beitelandet i denne sterkt jordbruksavhengige regionen, og naturvernstyresmaktene har starta kontrollkampanjar. Dei har også sett i verk skadedyrkontrollar. Revekusu (Possum, Trichosurus vulpecula) vert sett på som det verste av skadedyra sidan dei øydelegg naturlege skogar og truar kvegdrift ved å spreia bovin tuberkulose (kutuberkulose). Program for skadedyrutrydding omfattar kaninar, kornkråker og ville geiter, medan andre eksotiske arter som Parma Wallaby (Macropus parma) wallaby, stikkveps, fritte, røyskattar og mustela også er kjelder til uro.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Kartet syner folketettleiken i Manawatū-Whanganui-regionen ved folketeljinga i 2006.

Manawatū-Whanganui hadde eit innbyggjartal på 222 423 menneske ved folketeljinga i mars 2006, og var då den femte mest folkerike regionen på New Zealand. Trass i det betydelege innbyggjartalet, er folketettleiken i regionen lågare enn landsgjennomsnittet med 10,3 menneske per kvadratkilometer, samanlikna med 13,1 for heile New Zealand. I perioden mellom folketeljingane i 2001 og 2006 voks folketalet med 1,6 %, eller 3 477 menneske.

Det er to større bymessige område i regionen. Palmerston North, med eit estimert folketal på 79 400 i 2006, har utvikla seg til eit utdanningssenter så vel som forsynings- og tenestesenter for den omkringliggjande landsbygda. Det andre store urbane området er Wanganui, med eit estimert folketal på 39 300 den 30. juni 2006. Andre urbane senter er Levin, Feilding, Dannevirke, Taumarunui, Foxton og Marton.

Byliv er ikkje det dominerande i regionen, ettersom halvparten av innbyggjarane bur utanfor eit større bymessig område. Meir enn ein tredjedel av populasjonen bur i mindre tettstadar eller på landsbygda. Sjølv om produksjon er ein viktig del av økonomien i regionen, er dei fleste verksemdene baserte på jordbruk som er krumtappen i næringslivet. Jordbruket sin dominans i kombinasjon med heller små bymessige område gir eit landleg preg i regionen, heilt ulikt naboregionen Wellington. Dei indre, meir kuperte og ulendte delane av regionen vert òg nytta av det newzealandske forsvaret til treningsområde. Forsvaret har tre basar i regionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • Før 1769: Om lag 3 % av maoriane held til i Wanganui-bassenget, og 8 % på Taranakikysten. Maoriar langs kysten lever av hagebruk, fiske og fangst, medan levekåra for maoriar lenger inne i landet er vanskelegare, og ofte basert på jakt og samling.
  • 1820-1840: Ngati Toa og Te Atiawa-iwiane driv bort lokale iwiar frå områda deira.
  • 1830: Te Rauparaha (Ngati Toa) omlægrar Putiki Pa som hemn for eit åtak på Kapiti Island, plyndrar pāen og drep dei som bur der.
  • 1831: Europeiske handelsmenn kjem til Wanganui, leia av Joe Rowe, som skal ha handla med krympa menneskehovud (moko mokai). Ein krangel med lokale māoriar fører til at tre menn i følgjet hans vert drepne, og hans eige hovud kappa av og krympa.
  • 1840: Edward Jerningham Wakefield (son til Edward Gibbon Wakefield) kjøper 40 000 acre (160 km²) land under tvilsame omstende, til New Zealand Company, inkludert Wanganui byområde. Dei første europeiske nybyggjarane kjem til Wanganui.
  • 1842: Den første organiserte innvandringa av europeiske nybyggjarar til Horowhenua kjem til Paiaka.
  • 1847: I juli finn Slaget ved St John's Wood stad, der 400 māoriar støyter saman med ein jamstor styrke britiske troppar.
  • 1848: Krona kjøper Wanganui, 80 000 acres (320 km²), der 8 000 acres (32 km²) er tenkt sett til side som eit reservat.
  • 1855: Nybyggjarar frå Paiaka flyttar nærare kysten til Foxton, som vert ei hamn med eksport av New Zealand flax, tømmer og jordbruksprodukt.
  • 1856: Avisa Wanganui Chronicle kjem ut for første gong.
  • 1860-åra: Skandinavar slår seg ned i Tararua District, og grunnlegg seinare Eketahuna, Dannevirke (1872) og Norsewood (1872).
  • 1865: Det finn stad eit slag mellom tilhengjarar av Hau Hau-rørsla (som for ein stor del var māoriar frå øvre Whanganui ), som ønskjer å driva bort pākehā frå Wanganui, og māoriar lenger nede langs elva.
  • 1866 Palmerston North (Te Papai-oea) vert grunnlagt. Byen er omgjeven av skogar, og Manawatu River er den einaste farvegen til hamna i Foxton og verda utanfor.
  • 1870-åra: Skog og kratt vert gradvis rydda, og Manawatu vert opna for europeisk jordbruk og busetnad. Den tidlegare danske statsministeren, biskop Ditlev Gothard Monrad, får i stand ein busetnad av danskar nær Awapuni.
  • 1871: Det første sagbruket ved Palmerston North vert sett i gang.
  • 1872: Wanganui får bystatus (borough).
  • 1875: Manawatu Times kjem ut for første gong i Palmerston North.
  • 1876: Det vert opna jarnvegssamband mellom Foxton og Palmerston North via Longburn. Linja vert seinare kjend som Foxton Branch. Provinsen Wellington opphøyrer.
  • 1877: Palmerston North vert by (borough).
  • 1878: Ei jarnvegslinje vert opna mellom Palmerston North og Wanganui.
  • 1884: Linja Sanson Tramway, bygd og driven av Manawatu County Council, vert opna til Sanson, og bind seg til Foxton Branch i Himatangi.
  • 1885: Mary Joseph Aubert startar laget Døtrer av vår miskunnsame Frue (Daughters of Our Lady of Compassion) i Jerusalem, og grunnlegg ein heim for foreldrelause māoriborn, eldre og svakelege. Same år vert det opna ei jarnvegslinje mellom Wanganui og Castlecliff.
  • 1886: Jarnvegen Wellington and Manawatu Railway mellom Wellington og Longburn-linja vert opna, og utfyller Foxton link og tryggjar voksteren til Palmerston North.
  • 1889: Levin vert grunnlagt under bygginga av jarnvegen Wellington-Longburn (seinare hovudbanen på Nordøya North Island Main Trunk).
  • 1903: North Island Main Trunk når fram til Taumarunui, og opnar innlandsdistrikta for utbygging.
  • 1906: Levin får bystatus (borough).
  • 1930: Palmerston North får bystatus (city).
  • 1939: Det newzealandske luftforsvaret tek i bruk basen sin ved Ohakea.
  • 1945: Sanson Tramway vert lagd ned.
  • 1953: New Zealands største jarnvegsulukke finn stad ved Tangiwai på North Island Main Trunk, då ei jarnvegsbru fell saman på grunn av ein laharflaum frå kratersjøen på Mount Ruapehu. Eit tog med juleferierande fell i elva og 151 menneske vert drepne.
  • 1956: Den private jarnvegen mellom Wanganui og Castlecliff vert kjøpt av staten og lagt inn under det nasjonale jarnvegsnettet, og får namnet Castlecliff Branch.
  • 1959: Foxton Branch-linja vert lagt ned.
  • 1960-åra: Den kjende newzealandske poeten James K. Baxter grunnlegg eit samfunn i Jerusalem.
  • 1963: Universitetet Massey University vert danna ved ei samanslåing av ei avdeling av Victoria University (i Palmerston North) med landbrukshøgskulen Massey Agricultural College.
  • 1991: Styresmaktene godkjenner formelt det opphavlege namnet til Wanganui River, og endrar det til Whanganui River.
  • 1995: Māoriar okkuperer Moutoa Gardens (i Wanganui) i protest mot at Waitangitribunalet arbeider seint med klageprosessar, og over tap av kontroll med Whanganui River.
  • 1995-1996: Ein serie av mindre utbrot på Mount Ruapehu fører til nedfall av oske over eit stort område.
  • 2004: Vedvarande kraftig nedbør i februar fører til den største flaumen i regionen på meir enn 100 år.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Verksemder[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er den berande næringa i Manawatū-Whanganui. Industriar tilknytte jordbruk, skogbruk og fiske utgjer ein større del her enn gjennomsnittet i landet, 6,3 % mot 4,4 % nasjonalt. Det største talet på verksemder ligg innanfor detaljhandel. I 1997 var der 2 300 forretningsverksemder i regionen, desse sysselsette i alt 10 380 fulltidsstillingar. Prosentdelen av produksjonsverksemder var litt høgare enn landsgjennomsnittet, og desse hadde òg det største talet på tilsette, 12 830.

Energi[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå naboregionen, Taranaki, har Manawatū-Whanganui ikkje særleg stor produksjon av energi eller mineral. Der er nye planar for kraftproduksjon i regionen, mellom anna bygging av det største vindkraftanleggetden sørlege halvkula[3], der det er bygd 194 vindmøller, og fleire er planlagde.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Manawatū-Whanganui er kjend for det sterke jordbruksgrunnlaget til regionen, og dette førte også til at det vart oppretta ein landbrukshøgskule der i 1920-åra. Styresmaktene ønskte å fremja landbruksvitskap og oppretta landbrukshøgskular i to av dei viktigaste jordbruksområda, Canterbury og Manawatu. Forsking innanfor dyregenetikk på 1930-talet førte til utvikling av nye sauerasar, drysdale og perendale, som vart viktige kommersielt etter den andre verdskrigen.

Landbruk dominerer bruken av jordareal i denne regionen, sjølv om der også er større skogbruks- og hagebruksområde. Jordbotn og klima gjev gode tilhøve for beiting. Det var 6 344 gardsbruk i regionen 30. juni 1996, dette var nesten tiandeparten av gardsbruka på New Zealand. Gardsdrift omfatta 72,5 % av landbruksareala i regionen, noko som var mykje høgare enn landsgjennomsnittet på 60,1 %. Innpå 80 % av desse landområda vart nytta til landbruksføremål (beite, dyrking, fôrproduksjon og brakkmark). I Manawatu, Rangitikei og Tararua-områda var denne prosentdelen så høg som 90 % av det totale landbruksarealet.

Regionen Manawatū-Whanganui inneheld nokre av av dei viktigaste beiteområda på New Zealand. Regionen hadde 7 216 177 sauer (30. juni 1996), det meste i nokon region på Nordøya, og det fjerde høgaste i landet bak Canterbury, Southland og Otago. Regionen produserer også ei betydeleg mengde grønsaker, og er særleg kjend for dei rikelege potetavlingane sine. Bygg, som vert nytta til fôr for oppdrettskveg og til malt i ølbrygging, vert dyrka i regionen, som er den største byggprodusenten på Nordøya, og som i 1995 stod for 10 % av all byggpoduksjon i landet, med 302 804 tonn.

Skogbruk[endre | endre wikiteksten]

Manawatū-Whanganui er eit av dei viktigaste skogbruksområda sør på Nordøya. Det vanlegaste jordsmonnet i regionen, gulbrun sandjord, er svært godt eigna for skogbruk når ho er gjødsla. Skogbruk har ei lang historie i Manawatu, heilt sidan Palmerston North vart grunnlagt som ein sagbruksby, og den tidlege veksten i byen kom på grunn av sterk utnytting av tømmer frå skogane her. Men denne måten å bruka landet på, hindra ei lang levetid for skogindustrien. Kraftige brannar øydela store naturlege skogsområde, og etterfølgjande overbeiting skada jordbotnen mange stadar i regionen. Skogbruket låg for ein stor del nede fram til først på det 20. hundreåret. I ein freistnad på å få bukt med erosjonsproblema i sandjorda, planta styresmaktene skog i områda kring Foxton og Levin. Lenger inne i landet vart det planta skogar seinare. Nokre private opphavlege skogområdet er tekne vare på med berekraftig avverking, men det meste av skogbruket i regionen er avhengig av skogplanting.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I dei åtte kvartala mellom september 1996 og juni 1998 stod regionen i gjennomsnitt for 4,1 % av dei totale gjestedøgna på New Zealand. Dette var like bak Wellington med 6,7 %, men større enn Hawke's Bay med sitt gjennomsnitt på 3,1 %.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Manawatu-Wanganui-regionen går går den nasjonale hovudvegen State Highway 1, og North Island Main Trunk Railway, jarnvegslinja som bind Auckland saman med Wellington. Linja Palmerston North - Gisborne Line og riksvegen State Highway 3 går gjennom passet Manawatu Gorge, og gjev samband til Hawke's Bay. Marton - New Plymouth Line sørgjer for jarnvegssamband med Taranaki, og frå denne linja går ei kort sidegrein til Wanganui. Sjølv om det ikkje er noka eksporthamn i regionen, gjev veg- og jarnvegstransporten eksportverksemder i regionen lett tilkomst til hamner.

Regionen har om lag 16 % av den totale veglengda på Nordøya. Der er 8 732 km veg, og to tredjedelar av desse har fast dekke. Om lag 12 % av vegane i regionen er klassifiserte som gater i by- eller tettstad, og tre fjerdedelar er landevegar, av desse er nesten halvdelen grusvegar. Med sine 945,9 km riksvegar (State Highways), er regionen på andreplass på Nordøya, etter Waikato.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «NZGB Gazetteer | linz.govt.nz», gazetteer.linz.govt.nz, henta 1. februar 2021 
  2. Oversyn over distrikt på New Zealand
  3. New Zealand Wind Energy

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]