Hopp til innhald

Manchar-vatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mancharvatnet
innsjø
Mancharvatnet i Sind.
Land  Pakistan
Høgd over havet 35 moh.
Areal 228−250 km²
Største djupn m
Volum 740 000 000 km³
Kart
Manchar-vatnet
26°25′N 67°41′E / 26.41°N 67.68°E / 26.41; 67.68
Wikimedia Commons: Manchar Lake

Manchar-vatnet eller Manchar-sjøen (sindi منڇر ڍنڍ, urdu منچھر جھیل, også skrive Manchchar) er eit vatn i Sind i Pakistan. Det er ein naturleg innsjø med sumpaktig ferskvatn som varierer mykje i storleik med årstidene, frå 36 km² i tørketida[1] til 500 km² eller meir i regntida.[2][3] I regntida er han den største innsjøen i Pakistan og ein av dei største ferskvassjøane i Asia.[4][5]

Mancharsjøen ligg vest for elva Indus, i Jamshoro og Dadu distrikt, 18 km unna Sehwan Sharif.[6] Gjennomsnittsdjupna i sjøen er berre 2,5 til 3,75 meter.[3] Sjøen får vasstilførsle frå fleire bekkar i Kirtharfjella og via kanalar. Han er knytt til Indus via to kanalar, Aral og Danister, og til Hamal-sjøen via Main Nara Valley Drain (MNVD).[7] Han ligg 6 meter lågare enn elveleiet til Indus, og tek av og til imot flaumvatn frå elva. Om vinteren, når vasstanden i elva er låg, renn vatn frå sjøen til Indus.[1][8][9]

Under ei tørke i 1958 tørka Manchar-sjøen heilt opp.[7] Under flaumane i Pakistan i 2010 fløymde sjøen over.[10] Under flaumane i 2022 gjorde ein hol i ein voll ved sjøen for å sleppe ut vatn for å unngå brest på demningar og flaum på meir folkesette stader.[11]

  1. 1,0 1,1 Goudie, Andrew (2002). Great Warm Deserts of the World: Landscapes and Evolution (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-924515-4. Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 9. mai 2021. 
  2. «Pakistan - The Indus River plain». Encyclopædia Britannica. Henta 5. september 2022. 
  3. 3,0 3,1 Ebrahim, Zofeen (September 17, 2015). «Photo story: The destruction of Pakistan's Manchar lake». The Third Pole. Arkivert frå originalen 25. august 2018. Henta 20. april 2020. 
  4. «Indus River and Manchhar Lake». earthobservatory.nasa.gov. 10. september 2010. Arkivert frå originalen 23. oktober 2020. Henta 20. april 2020. 
  5. «NaiGaj Dam inevitable for revival of Manchar Lake». Daily Times. 28. august 2019. Arkivert frå originalen 5. desember 2019. Henta 20. april 2020. 
  6. «Manchar Lake». Discover Pakistan. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 11. desember 2018. 
  7. 7,0 7,1 Zehra, Syeda Mahe (May 2010). Time series models of the electrical conductivity measured at the Manchar Lake in Pakistan (thesis thesis). Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 20. april 2020. 
  8. Pruthi, R. K. (2004). Indus Civilization (på engelsk). Discovery Publishing House. ISBN 978-81-7141-865-7. Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 9. mai 2021. 
  9. «DADU: Manchhar lake to get water from Indus». Dawn. Pakistan. 26. juni 2006. Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 20. april 2020. 
  10. «Flooding in Pakistan», earthobservatory.nasa.gov (på engelsk), 15. september 2010, henta 5. september 2022 
  11. Ansari, Atta (4. september 2022), «Mange ventar på nødhjelp i flaumramma Pakistan», NRK, henta 5. september 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Manchar-vatnet
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.