Mandal guttekorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mandal Guttekorps er eit korps som held til i Mandal. Det har om lag 130 musikarar i alderen 9 til 19 år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Korpset vart stifta i 1909 av organist Lars Heggen. I 2009 feira korpset 100-årsjubileum, og det vart markert med fleire ulike arrangement. Eit av høgdepunkta var ein jubileumskonsert der det var eit utdrag frå korpsets historie og musikk. Korpset framførte blant anna «Guttene kommer» som var korpsets aller første nummer for 100 år sidan og marsjen «100 Rubiner» som vart komponert av korpsets tidlegare dirigent Alf Willy Vestergren til 100-årsjubileet.

Korpset no for tida[endre | endre wikiteksten]

Korpset har dei siste åra hatt rundt 120 medlemmar fordelt på rekruttar, drillrekruttar, juniorkorps, juniordrill, A-korps og A-drill. Alle avdelingar i korpset har fokus på både det musikalske og sosiale. I løpet av året vert det arrangert mange flotte konsertar og turar. A-korpset reiser på utanlandsturar annakvart år. Korpset har kvar sommar sidan 1985 arrangert ein skulekorpsfestival for korps samman med Blomdalen Jentekorps. Denne festivalen heiter Mandal Skolekorpsfestival. Først vart den berre arrangert annan kvart år, men frå 2009 blir den arrangert kvar sommar. Reidar Sandvik er no musikalsk leiar og dirigent for A-korpset. Heidi Berge er dirigent for juniorkorpset. Nina C. Johnsen har ansvaret for drillen. Leiar for styret i Mandal guttekorps er Kjetil Reithaug, nestleiar er Kirsti Kvanvig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]