Mandatområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit mandatområde var eit landområde som vart administrert av ein stat på oppdrag frå Folkeforbundet etter reglane i artikkel 22 i Folkeforbundets traktat av 28.juni 1919. Alle territoria som vart utlagt som mandatområde hadde før første verdskrig vore koloniar under statar som var på taparane si side, primært Tyskland og Tyrkia (Det osmanske riket). Koloniane vart omfordelte til vinnarane av verdskrigen, primært Storbritannia som fekk Palestinamandatet og mandatet Mesopotamia og Frankrike som fekk mandatet Syria. Opprettinga av desse mandatområda vidareførte i praksis dei tidlegare koloniane, bortsett frå at leiaren for Mandatområdet no formelt sett tok på seg visse pliktar.