Det franske mandatet for Syria og Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mandatområdet i Libanon)
Mandat français pour la Syrie et le Liban
الانتداب الفرنسي في سوريا و لبنان
Det franske mandatet for Syria og Libanon

 

 

1920–1946
 

 

Flagget til Franske mandatet

Flagg

Plasseringa til Franske mandatet
Plasseringa til Franske mandatet
Hovudstad Ikkje spesifisert
Styreform Mandatområde
Historie
 - Oppretta 25. april 1920
 - Opphøyrde 1946
Valuta Syrisk pund, libanesisk pund

Det franske mandatet for Syria og Libanon[1] (òg kalla Det franske mandatet for Syria, fransk Mandat français pour la Syrie et le Liban, arabisk الانتداب الفرنسي في سوريا و لبنان al-Intidab al-Firansi fi Suriya wa Lubnan) var eit mandat i Folkeforbundet som vart grunnlagt etter fyrste verdskrigen og delinga av Det osmanske riket.

I løpet av dei to åra etter verdskrigen var over i 1918, og slik det var nedskrive i Sykes-Picot-avtalen som vart signert mellom Storbritannia og Frankrike under krigen, hadde britane kontroll over det meste av det osmanske Mesopotamia (dagens Irak) og den sørlege delen av Osmansk Syria (Palestina og Transjordan), medan franskmennene hadde kontroll over resten av Osmansk Syria (dagens Syria, Libanon, Alexandretta) og andre delar av det søraustlege Tyrkia. Tidleg i 1920-åra vart den britiske og franske kontrollen over desse områda formaliserte i mandatsystemet til Folkeforbundet og Frankrike fekk mandatet over Syria den 29. september 1923, som omfatta område i dagens Libanon og Alexandretta (Hatay) i tillegg til sjølve Syria.

Adminsitrasjonen over regionen under franskmennene vart utført gjennom ei rekkje område, inkludert Det syriske forbundet (1922–24), Staten Syria (1924–1930) og Den syriske republikken (frå 1930), i tillegg til minste statar som Staten Stor-Libanon, Alawittarstaten og Jabal ad-Druze.

Det franske mandatet i Syria varte til 1943, då to land fekk sjølvstende frå mandatperioden, Syria og Libanon, i tillegg til at Hatay vart ein del av Tyrkia i 1939. Franske soldatar forlét Syria og Libanon i 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. League of Nations Official Journal, Vol 3, August 1922, p. 1013