Mandinkafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mandingoar)
Dansande mandinkakvinne
Mandinkasverd
Kart frå 1906

Mandinkafolk (òg mandingo, mandinko, sosa) er ei folkegruppe frå Vest-Afrika. Folk i gruppa reknar seg som genetiske eller kulturelle etterfølgjarar av det gamle kongeriket Mali, som kontrollerte transsaharahandelen frå Maghreb til Vest-Afrika. Tidleg på 1200-talet var det leia av Sundiata Keïta. I det same hundreåret spreidde mandinkaene seg frå det som i moderne tid blei staten Mali og danna eit temmeleg stort rike. Ei seinare mandinka-statsdanning var Kaabu.

Mandinkaene lever stort sett i Gambia, Guinea, Senegal og Mali. Dei utgjer òg eit stort innslag i Guinea-Bissau, Sierra Leone og Burkina Faso. I Sierra Leone tel dei ca. 160 000 personar (2015).[1]

Det finst også madinkafolk i mindre grad i Mauritania, Elfenbeinskysten og Liberia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]