Manfred Kuschmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manfred Kuschmann


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 25. juli 1950
Coswig
Død

13. februar 2002 (51 år)
Halle (Saale)

Idrett friidrett
Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Manfred Klaus Kuschmann (25. juli 195013. februar 2002) var ein tysk langdistanseløpar, europameister på 10 000 meter i 1974, som tevla for Aust-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kuschmann vart i 1973 nummer to på 5 000 m i Europacupen for landslag. Året etter vart han austtysk meister på både 5000 m og 10 000 m. Opningsdagen under EM i friidrett 1974 i Roma vann han gullmedaljen på 10 000 meter med minimal margin, han slo Tony Simmons frå Storbritannia med fire hundredels sekund. Seks dagar seinare var han sjanselaus då britiske Brendan Foster rykte frå 5 000-metersfeltet, men lukkast vinne spurten om sølvmedaljen.

Kuschmann vart austtysk meister på 5 000 m i 1975, og representerte Aust-Tyskland på distansen i Europacupen same året, der han vart nummer tre. Han lukkast ikkje å kvalifisere seg til korkje sommar-OL 1976, ei heller til friidretts-EM 1978.

Han døydde i Halle an der Saale etter fleire års kreftsjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]