Manfred Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred Mann
Manfred Mann.png
Manfred Mann, 1966.
AliasMann-Hugg Blues Brothers
OpphavLondon
Aktiv1962–1969
SjangerBeat, rhythm and blues, psykedelisk pop
Tilknytte artistarManfred Mann Chapter Three, Manfred Mann's Earth Band, The Blues Band, The Manfreds, McGuinness Flint
PlateselskapHMV, EMI, Capitol, Ascot (USA), Fontana, Mercury (USA)
Tidlegare medlemmerManfred Mann
Mike Hugg
Mike Vickers
Dave Richmond
Paul Jones
Mike d'Abo
Klaus Voormann
Jack Bruce
Tom McGuinness

Manfred Mann var eit engelsk rockeband frå 1960-åra, kalla opp etter klaverspelaren Manfred Mann, som seinare leia den suksessrike gruppa Manfred Mann's Earth Band i 1970-åra.[1] Gruppa hadde to forskjellige solovokalistar gjennom suksessperioden sin, Paul Jones frå 1962 til 1966, og Mike d'Abo frå 1966 til 1969.

Manfred Mann var ofte på hitlistene i 1960-åra. Tre av dei mest suksessrike singlane deira, «Do Wah Diddy Diddy», «Pretty Flamingo» og «Mighty Quinn», toppa UK Singles Chart.[2] Dei var den første sør-engelske gruppa som toppa den amerikanske Billboard Hot 100-lista under den britiske bølgja.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga (1962–1963)[endre | endre wikiteksten]

Mann-Hugg Blues Brothers vart skipa i London[3] av klaverspelaren Manfred Mann og trommeslagaren/vibrafonspelaren/pianisten Mike Hugg,[1] og dei vart eit husband i Clacton-on-Sea med Graham Bond.[4] Dei hadde ein felles interesse for jazz som dei tok med eg til den britiske blues-boomen, og dei byrja å spele på nattklubbar i London. Resten av besetninga var Mike Vickers på gitar, altsaksofon og fløyte, bassist Dave Richmond og Paul Jones som solovokalist og munnspelspelarar.[1] På denne tida hadde dei endra namn til Manfred Mann & the Manfreds. Dei helt mange konsertar seint i 1962 og tidleg i 1963 og tiltrekte seg raskt merksemd for sin særeigne stil.

Etter å ha endra namn til Manfred Mann etter produsenten deira John Burgess, bad dei om det, vart dei signerte til His Master's Voice i mars 1963 og byrja å spele inn musikk i juli med den langsame, bluesaktige instrumental-singelen «Why Should We Not?», som dei framførte første gongen dei var på fjernsyn på eit nyårsaftanshow.[5] Singelen gjekk ikkje inn på hitlista, og det gjorde heller ikkje oppfølgjaren (med vokal), «Cock-a-Hoop.»[1] Med blåsarar, vibrafon, munnspel og to klaverspelarar var det ei tyngde i lyden til gruppa og dei synte ein jazzinspirert teknikk som dei var stolte av.[4]

Første suksess (1964–1965)[endre | endre wikiteksten]

I 1964 vart gruppa beden om å lage ein kjenningsmelodi til eit musikkprogram på ITV, Ready Steady Go!.[3] Dei svarte med «5-4-3-2-1» og sidan han vart spelt på TV kvar veke, steig han til femteplassen på UK Singles Chart.[2] Kort tid etter «5-4-3-2-1» vart spelt inn, slutta Richmond i bandet,[6] men han var stundom i studio med dei seinare. Han vart erstatta av venen til Jones, Tom McGuinness - den første av mange endringar. Etter ein ny, sjølvskriven hit, «Hubble Bubble (Toil and Trouble)», slo bandet verkeleg gjennom med «Do Wah Diddy Diddy», ein coverversjon av The Exciters sin vesle hit frå tidlegare på året.[3] Songen nådde toppen av hitlista i Storbritannia, Canada og USA.

Med suksessen til «Do Wah Diddy Diddy» gjekk stilen deira bort frå den jazz- og bluesaktige stilen frå den første tida til ein pophybrid som førte til fleire hitversjonar av andre sine songar. Dei nådde tredjeplassen med ein annan jentegruppe-song, «Sha La La»,[2] (opphavleg av The Shirelles) som nådde 12. plassen i USA og Canada og følgde opp med den sentimentale «Come Tomorrow» (opphavleg av Marie Knight) men begge var langt lettare enn dei tidlege songane deira. Samstundes synte dei denne tidlege stilen på B-sider og på EP-ar. Gruppa vende òg attende til jazz- og R&B-tema på albuma deira. Det første albumet, The Five Faces of Manfred Mann frå 1964, inneheldt standardar som «Smokestack Lightning»[3] medan det andre og siste med denne besetninga, Mann Made, bestod av sjølvlaga instrumentalar og ein versjon av «Stormy Monday Blues» i tillegg til meir pop-aktige songar og balladar. Med ein versjon av Maxine Brown sin «Oh No Not My Baby» byrja ein fase med meir djupne og sofistikerte arrangement på singlane deira. Gruppa fekk ei rekkje hittar med Bob Dylan-songar med «With God on Our Side», som nådde andreplassen i Storbritannia, og med «If You Gotta Go, Go Now».[2] Dei gav så ut «Pretty Flamingo» som gjekk heilt til topps på den britiske singellista, produsert av John Burgess.

Paul Jones ytra så ønske om å satse på ein solokarriere, men ville vente til gruppa hadde funne ein erstattar, og vart verande med bandet eit år til. I løpet av dette året slutta Mike Vickers. McGuinness flytta til gitar, det originale instrumentet hans, og spelte National Steel Guitar på «If You Gotta Go, Go Now» og «Pretty Flamingo», og vart erstatta på bass av Jack Bruce, som hadde spelt for Graham Bond Organisation[2] ei stund, før han hadde ein kort periode i John Mayall's Bluesbreakers. I den korte perioden hans i Manfred Mann, før han slutta for å skipe Cream, spelte Bruce på «Pretty Flamingo» og på EP-en Instrumental Asylum (der Jack Bruce og blåserekkja med Henry Lowther og Lyn Dobson vart med i gruppa på plateomslaget). Bruce vart erstatta av Klaus Voormann.[3] Bandet endra plateselskap like etter, sjølv om EMI raskt gav ut ein EP med songar som ikkje var gjevne ut før, kalla As Was. Fleire av songane var ikkje ferdige, og EMI hyrte inn studiomusikarar for å fullføre dei. «You Gave Me Somebody To Love» med B-sida «Poison Ivy» (begge sungen av Paul Jones) nådde 36. plassen på den britiske singellista, noko som forarga bandet. På omslaget for den neste plata deira for det nye selskapet stod det derfor, «Manfreds disown new single» (Manfred nektar å vedkjenne seg den nye singelen).

Mike d'Abo-åra (1966–1969)[endre | endre wikiteksten]

Manfred Mann & The Beatgirls (Amsterdam, 1968)

Jones vart erstatta av Mike d'Abo i juli 1966[7] og gruppa byta selskap til Fontana Records,[7] der dei vart produserte av Shel Talmy.[7] Den første Fontana-singelen deira, Dylan sin «Just Like a Woman», kom ut i juli og nådde nesten topp 10 i Storbritannia og gjekk heilt til topps i Sverige. Albumet As Is, kom så ut i oktober.[8] Dei neste to singlane, «Semi-Detached, Suburban Mr James» og «Ha Ha Said The Clown» nådde begge topp 5 i heimlandet. I desember kom ein ny EP med instrumentalar, Instrumental Assassination.[9] Dette hadde med det originale medlemmet Dave Richmond på kontrabass, men ikkje Mike d'Abo, noko som indikerer at innspelinga skjedde noko tidlegare i 1966.

Ein instrumental versjon av Tommy Roe sin «Sweet Pea» nådde berre 36. plassen då han kom ut på singel og oppfølgjaren, Randy Newman sin «So Long, Dad», med eit intrikat klaverarrangement, nådde heller ikkje Topp 20. 1967 var derfor eit dårleg salsår for bandet, og berre «Ha Ha Said the Clown» nådde den britiske singellista tidleg i 1967. Det kom ikkje noko album det året, sidan Mann og Hugg var opptekne med andre ting i karrieren sin. Plateselskapet deira sette saman eit billig samlealbum, What A Mann (Fontana SFL 13003), ei samling med hovudsakleg instrumentalar, eit par av dei nyare singlane og instrumentale EP-spor.

Året etter, i 1968, kom det to album. Mann-Hugg sin musikk frå filmen Up the Junction kom i februar og tittelsporet vart gjeven ut på singel med B-sida «Sleepy Hollow», men selde dårleg. I juli kom albumet Mighty Garvey!. Dei fekk stor suksess med «Mighty Quinn», den tredje hitten deira på toppen av den britiske singellista og den tredje hitte med ein Dylan-song.[2] Singelen nådde tredjeplassen i Canada og 10. plassen i USA.

I juni 1968 kom singelen «My Name is Jack» av John Simon, men denne vart kalla attende då det amerikanske selskapet Mercury Records klaga å uttrykket «Super Spade» i teksten, som refererer til ein dopseljar i Haight-Ashbury. Utgjevinga vart forseinka ei veke medan vokalen vart spelt inn på ny med teksten «Superman» i staden for.[10] I Storbritannia vart den originale innspelinga gjeven ut. I desember 1968 kom «Fox on the Run», og denne nådde femteplassen i Storbritannia.[1] Gruppa vart oppløyst i 1969 medan den siste hitten deira, «Ragamuffin Man», framleis låg på topp 10.[2]

Tida etter[endre | endre wikiteksten]

Mann og Hugg skreiv alt reklamemusikk i lag då gruppa vart oppløyst, men fortsette å spele i lag som ei gruppe[1] med Manfred Mann Chapter Three, eit eksperimentelt jazzrockband som av Mann vart skildra som ein overreaskjon på hitfabrikken som gruppa Manfred Mann hadde blitt.[11] I ein augneblink smelta dei musikalske verdene deira saman: ein TV-reklame for eit sigarmerke, eit langt spor frå debutalbumet til Chapter Three, 'Travellin' Lady og «A 'B' Side», B-sida til den siste singelen til Manfred Man, brukte alle det same riffet.

Den nye gruppa vart derimot kortvarig og innan 1971, etter eit andre album, var dei oppløyst og Mann hadde danna ei ny gruppe. Den originale besetninga av den nye gruppa bestod av Mick Rogers (gitar og vokal), Manfred Mann (orgel, synthesizer og vokal), Colin Pattenden (bassgitar) og Chris Slade (trommer og vokal). Heilt i starten vart dei berre kalla «Manfred Mann» og fungerte slik som eit framhald av 60-talsgruppa. Kvartetten (som «Manfred Mann») gav ut den første singelen sin, «Please Mrs. Henry», i 1971. Den andre singelen, Randy Newman sin «Living Without You,» vart òg gjeven ut som «Manfred Mann» i Europa, men av «Manfred Mann's Earth Band» i USA, der songen vart ein liten hit. Frå 1972 og frametter var bandnamnet Manfred Mann's Earth Band og dei vert rekna som eit anna band enn Manfred Mann.

I juni 1983 vart det originale Manfred Mann igjen samla att for ein konsert på Marquee Club i London, i høvet 25-årsjubileet til klubben.[12]

I 1990-åra vart dei fleste frå den originale besetninga samla att som The Manfreds, men utan Manfred Mann sjølv (derfor det alternative namnet), og dei spelte mest gamle 60-talssongar og eit par jazzinstrumentalar, stundom med både Paul Jones og Mike d'Abo som songarar.[3] McGuinness skipa McGuinness Flint i 1970 og fekk nokre hittar før dei vart oppløyste i 1975. Både Jones og McGuinnes har spelt i The Blues Band, som dei var med å skipe i 1978.[3]

I 2009 spelte The Manfreds med Mike d'Abo, Mike Hugg, Paul Jones og Tom McGuinness, i lag med Klaus Voormann, ein versjon av «Mighty Quinn» for den første solosamlinga til Voormann, A Sideman's Journey, som var tilskriven «Voormann & Friends.»

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Manfred Mann (Nederlandsk fjernsyn, 1967)
  • Manfred Mann – klaverinstrument (1962–1969)
  • Mike Hugg – trommer, vibrafon, klaverinstrument (1962–1969)
  • Dave Richmond – bass (1962–1964)
  • Mike Vickers – gitar, altsaksofon, fløyte (1962–1965)
  • Paul Jones – vokal, munnspel (1962–1966)
  • Tom McGuinness – gitar, bass (1964–1969)
  • Jack Bruce – bass (1965–1966)
  • Klaus Voormann – bass (1966–1969)
  • Mike d'Abo – vokal, klaverinstrument (1966–1969)
  • Glyn Thomas – trommer (Mann Hugg Blues Brothers; 1960–1962)
  • Tony Smith – bass (Mann Hugg Blues Brothers; 1960–1962)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Mer: Berre dei viktigaste rollene er nemnt. Dei fleste medlemmane spelte fleire instrument.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 603–606. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 345–346. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 258. ISBN 0-85112-072-5. 
  4. 4,0 4,1 «Interview with Mike Hugg». Retrosellers.com. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 1. april 2018. 
  5. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 121. CN 5585. 
  6. Jazz4now – The Dave Richmond Home Page «Please note that »5-4-3-2-1« was recorded before I left the band, in fact I still receive PPL payments every time it is broadcast» – Dave Richmond
  7. 7,0 7,1 7,2 Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 160. CN 5585. 
  8. George Starostin. ««That's the trick – finally start writing original material... As Is was definitely the best Manfred Mann album so far... As Is pretty much drops all the pretense and completely erases any borders that still existed between Manfred Mann the Commercially Successful Singles Band and Manfred Mann the Seriously Out of Touch LP Ensemble».». Starling.rinet.ru. Henta 1. april 2018. 
  9. «Manfred Mann – Instrumental Assassination – Fontana – UK – TE 17483». 45cat. 24. juni 2011. Henta 1. april 2018. 
  10. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 185. CN 5585. 
  11. Manfred Mann's Earth Band – History Of The Band Platform End On-Line
  12. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 381. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Manfred Mann
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Manfred Mann