Manfred Matuschewski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred Matuschewski
Bundesarchiv Bild 183-75048-0007, Jürgen Kühl, Manfred Matuschewski.jpg
Fødd 2. september 1939
Weimar
Yrke mellomdistanseløper
Manfred Matuschewski på Commons
Manfred Matuschewski, i midten, under den austtyske friidrettsmeisterskapen 1963

Manfred Matuschewski (fødd 2. september 1939) er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Weimar som representerte Aust-Tyskland, og som vart europameister på 800 meter i 1962 og 1966.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Matuschewski sette personleg rekord med 1.46,9 i OL-året 1960, ei tid heilt i europatoppen. Under sommarleikane 1960 i Roma tok han seg til finalen, der han vart sjette og sistemann. To år seinare viste han stor spurtstyrke og vann ein klar siger på distansen då EM i friidrett 1962 vart avvikla i Beograd. I 1963-sesongen forbetra han den personlege rekorden til 1.46,4. Han heldt ikkje heilt same nivå i OL-sesongen 1964, og vart i Tokyo-OL slått ut i semifinalane.

I europameisterskapen 1966 i Budapest gjorde Matuschewski sitt til då raskaste 800-meterløp. På oppløpet fekk han kasta seg framom vesttyske Franz-Josef Kemper, og forsvarte dermed EM-tittelen med tida 1.45,9. Året etter vann Matuschewski 800-meteren under Europacupen for landslag, vinnartida var 1.46,9. Grunna sjukdom deltok han ikkje i Sommar-OL 1968.

I sin siste sesong på toppnivå forbetra Matuschewski den personlege rekorden til 1.45,7. Han deltok i friidretts-EM 1969 i Athen, men var sjanselaus i kampen om gull- og sølvmedaljane, og måtte nøye seg med ein bronsemedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]