Manfred von Richthofen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred von Richthofen
Manfred von Richthofen.jpeg
Fødd 2. mai 1892
Wrocław
Død

21. april 1918
Vaux-sur-Somme

Yrke offiser
Manfred von Richthofen på Commons
Manfredvon Richthfen

Manfred Albrecht Freiherr von Richthofen (fødd 2. mai 1892 i Kleinburg, nær Breslau, død 21. april 1918 i Vaux-sur-Somme) var eit tysk flyveress med over 80 stadfeste nedskytningar under første verdskrig, best kjent som «den raude baronen» på grunn av sina delvis raude fly. Richthofen vart ein legende allereie under den føérste verdskrigen. Hans sjølvbiografi, Der rota Kampfflieger, vart ein bestseljar i England då den vart utgjeven der i 1919.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Richthofen var ein tysk adelsmann. Han vart fødd i Kleinburg, nær Breslau, Nedre Schlesien, i ein prominent prøyssisk aristrokratisk familie. Hans far var Major Albrecht Phillip Karl Julius Freiherr von Richthofen og hans mor var Kunigunde von Schickfuss und Neudorff. Han hadde ein storesøster, (Ilse) og to yngre brør.

I barndomen flytta han frå fødestaden saman med sina foreldre og familie til Świdnica i Schlesien. Den ungen Richthofen likte å jakta og å ri hest. Han tok abitur ved Preußische Hauptkadettenanstalt og etter fullførd kadettopplæring i 1911 vart han med i ein kavaleritropp; Ulanen-Regiment Kaiser Alexander III von Russland.

Då første verdskrig braut ut, tjenestegjorde Richthofen som kavalerist på både austlege og vestlege frontar. Hestar vart etterkvart lite brukbare på grunn av ny bruk av maskingevær. Richthofen vart då overført til materialkorpset. Ikkje lenge etter, i mai 1915, søkte han om å verta med i lufttenesta kor han til å byrja med tjenestegjorde som observatør.

Flygerkarriere[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av ein Fokker Dr.I. i Deutsches Museum i München

Inspirert av sjansen til å møta den kjende piloten Oswald Boelcke, bestemde han seg for å verta pilot. Seinare avgjorde Boelcke at Richtofen skulle verta med i hans eliteskvadron av pilotar kalla Jagdstaffel, Jasta 2. Richthofen vant sin første luftkamp over Cambrai i Frankrike 17. september 1916.

Etter sin første seiar skreiv Richthofen til ein ven i Berlin som var ein juvelar og bestilte ein sølvkopp inngravert med dato for kampdagen og flytypen til fienden. Han heldt fram denne tradisjonen til han hadde seksti koppar. Då var det vanskeleg å skaffa sølv i Tyskland på grunn av blokaden.

Den 23. november 1916 skaut Richtofen ned det britiske esset Lanoe Hawker som nokon gonger er omtalt som den britiske Boelcke.

Det er viktig å merka seg at på trass av det populære sambandet mellom Richthofen og flytypen Fokker Dr.I, fløy han det berre i kamp i to månader mot slutten av sin karriere. Han gjorde meir enn 60 av sina nedskytningar av fiendtlige fly utan fordelen av dette no berømte flyet. Han brukte meste flytypen Albatros D.III som han fekk målt delar av i raudt (akkurat som hans seinare Fokker Dr.I) noko som seinare kom til å gje han hans namn og rykte.

Etter sin 18. seiar vart Richthofen tildelt Pour le Mérite som var den høgaste militære utmerkinga i Tyskland på den tida.

Død[endre | endre wikiteksten]

Vraket av Richthofens fly.

Richthofen vart drepe rett etter klokka 11 den 21. april 1918. Han døydde etter å ha vorte treft av eitt enkelt prosjektil i kaliber .303 British medan han flaug over høgdene ved Morlancourt, nær elva Somme. Han klarte å gjera ei kontrollert landing, og vitne hevda at han levde i det dei kom fram, men døydde straks etterpå. Flyet var heilt, men vart demontert av suvenirjegerar; motoren står den dagen i dag i Imperial War Museum i London.

Richthofen fekk ei full militær gravlegging av dei allierte med major Blake som ansvarleg. Han vart gravlagd 22. april 1918 i byen Bertangles nær Amiens i Frankrike. I 1925 fekk hans yngre bror Bolko flytta levningene heim til Tyskland. Det var eigenlege meininga at han skulle leggjast i familiegrava, men styresmaktene overtalte familien til å la han gravleggjast i Invalidenfriedhof i Berlin, ein kyrkjegard for militære storheter og heltar. Han låg der fram til 1975, då familien flytta han til Südfriedhof i Wiesbaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]