Mangala Valles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordvestre Mangala Valles-området fotografert av Mars Express
Del av Mangala Valles fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter

Mangala Valles er eit nettverk av kanalar i Tharsis-regionen på Mars.

Det vart truleg danna i samband med danninga av Mangala Fossae i sør - eit system av forkastingsgrøfter som går i ei aust-vest-retning. Det er mogeleg at det i det området vella ut lava under danninga av Tharsis-regionen. Ei slik oppvelling ville ha kunna smelta vassis under bakken som vidare kunne ha grave ut kanalane.

Ein reknar med at Mangala Valles vart danna under den geologiske epoken Hesperium for 3,5 milliardar år sidan, men òg at episodar av vulkanisme og flaum heldt fram inn i Amazonium, kan henda so nyleg som for nokre få hundre millionar år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]