Mangalore internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Fraktterminalen

Mangalorere internasjonale lufthamn (Mangalore Airport) (IATA: IXE,  ICAO: VOML), tidlegare kjent som Bajpe Airport, er ei internasjonal lufthamn for kystbyen Mangalore i India.[1][2][3] Fleire daglege flyvninger forbind Mangalore med dei fleste store byar i det sørlege og det vestlege India, så vel som fleire byar i Midtausten. Flyplassen vart opna som Bajpe Aerodrome den 25. desember 1951 då dåverande statsminister Jawaharlal Nehru kom i eit Dakota-fly.[4] Per 2014 er Mangalore internasjonale lufthamn ein av dei flyplassane som har hatt størst passasjervekst i India, med 54 prosent vekst i den internasjonale trafikken siste åra

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen ligg nær Bajpe, om lag 20 kilometer nordaust for Mangalore sentrum. Den ligg på ei høgd med to høytliggende rullebaner (9/27 og 6/24). Berre to andre flyplassar i India har høytliggande rullebaner: Kozhikode og Lengpui. Termialbygget var lite, men hadde naudsynte fasilitetar. (2010). Det vart renovert tidleg på 2000-talet med meir sitteplass, bevokta parkeringsplass og fleire nye kaféer. Flyplassen vart opphavleg brukt i avgrensa utstrekking for innanlands trafikk, vesenlig til Mumbai og Bangalore.

Ulukker og hendingar[endre | endre wikiteksten]

Mangalore lufthamn ligg i ein region med mykje nedbør. Mndre hendingar som avbrotne landingar hender ofte i monsuntiden. På denne flypassen skjedde ulukka med flest omkomne i India. Dette førte til at nye tryggleikstiltak vart sett i verk[5]

  • Den 19. august 1981 måtte ein Avro 748 frå Indian Airlines avbrlt landinga i monsunregnet.[6] Flygerne gjorde eit nytt forsøk og fekk stoppa like før enden på rullebanen. Det var ingen omkomne, men flyet måtte avskrives.[7] Den etterfølgende granskinga viste at piloten ikkje hadde sett flyets flaps i rett posisjon for landing, og flyet hadde landa for langt inne på banen med for høg fart og med vinden i ryggen. Ingen vart skadd.
  • Den 22. mai 2010 måtte ein Boeing 737 frå Air India Express avbryta landinga. Pilotane gjorde eit nytt landingsforsøk, havarerte og 158 pasasjerer og besetning omkom. Berre åtte overlevde katastrofen. Flyet havarerte då dei avbraut landinga andre gong og styrta i ein djup grøft ved enden av rullebanen.[8] Styrbord vinge traff ein betongsokkel for ILS-systemet med localiser og antenne og sette systemet ut av drift. Dette førte til forseinkingar og kanselleringar i to veker i monsuntida med redusert sikt. Det tok flyplassen nesten ein månad å reparera skadane, kalibrera ILS og setja det istand igjen.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mangalore Airport to get international tag in December
  2. Arkivert 7. februar 2015 på Wayback Machine.
  3. Cabinet grants international airport status to five airports
  4. The Green Green Fields of Home
  5. More international routes from Mangalore airport in 2013
  6. Accident description
  7. Moily's close shave in Mangalore 30 years ago
  8. 150 killed as Air India plane crashes in Mangalore
  9. Instrument Landing System Begins Operation at Mangalore Airport Again