Mangarevansk
Utsjånad
| Mangarevansk Reo Magareva | ||
| Klassifisering | Austronesiske språk Oseaniske språk Polynesiske språk Austpolynesiske språk Marquesasspråk | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Mangarevansktalande i alt | 300-400 | |
| Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3 | mrv | |
Mangarevansk er eit polynesisk språk. Det blir snakka på Gambierøyane i Fransk Polynesia, der Mangareva er den største øya.
Språket har 75 % leksikalsk likskap med rarotongansk, 73 % med marquesisk og 72 % med tuamotuansk, og er fjernare i slekt med tahitisk (50–68 % leksikalsk likskap). I 2011 vart talet på språkbrukarar oppgjeve til 600
Språket er nytta i lyrikk og det er gitt ut ordbok. Det er også arbeid for å revitalisere språket.
Mangarevansk er anerkjent i sjølvstyrelova for Fransk Polynesia. Det skal vernast og er tillate undervist i skulen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mangarevansk» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2025.