Manger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manger
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Radøy
Areal 1,06 km²
Folketal 1 142 (2017)
Folketettleik 1 077 / km²
Postnummer 5936 MANGER

Manger er namnet på ein tettstad i Radøy kommune, på eit tidlegare prestegjeld i Radøy kommune og på eit sokn, og det var tidlegare namnet på ein kommune i Nordhordland. Tettstaden har 1 142 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Bygda og tettstaden Manger[endre | endre wikiteksten]

Manger er ein tettstad som er kommunesenter i Radøy kommune i Hordaland fylke. Staden ligg vest på Radøya. Riksveg 56 går gjennom staden.

Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området.

Også idrettsmiljøet på Manger er godt. Blant anna husar bygda den norske bordtennisspelaren Tommy Urhaug som har fleire VM- og EM-gull. Det finst ein symje- og idrettshall i bygda, Radøyhallen. Der trenar mellom anna Radøy Symjeklubb. I hjarta av bygda ligg hovudsetet for Radøy/Manger Fotballklubb. Det har også vore eit godt sykkel- og friidrettsmiljø i bygda.

Prestegjeldet og kyrkjesoknet Manger[endre | endre wikiteksten]

Manger var eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Prestegjeldet famna same område som Radøy kommune, og hadde tre sokn; Hordabø, Manger og Sæbø. Desse sokna tilsvarar stort sett dei tre tidlegare kommunane med same namn. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg var prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje.

Den tidlegare kommunen Manger[endre | endre wikiteksten]

Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Manger kommune frå 1930 til 1963:

1.12.1930[1] 3.12.1946[1] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1964
1450 1555 1367 1312 1344

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  2. 2,0 2,1 Folkemengd i Manger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.