Manger Musikklag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Manger Musikklag er eit brassband beståande av i overkant 30 messingblåsarar og slagverkarar. Instrumentsamansetninga byggjer på den britiske brassbandtradisjonen.

Manger Musikklag vart stifta 22. april 1922 og kjem frå kommunesenteret Manger i Radøy kommune, om lag 50 minutt køyring nord for Bergen. Musikarane i korpset er amatørmusikarar som vier store delar av fritida si til øving og konsertverksemd.

Manger Musikklag vann europameisterskapen for brassband i 2011.[1]

Dirigentar[endre | endre wikiteksten]

Sjefsdirigent for Manger Musikklag er Martin Phillip Winter, noko han har vore sidan 2008. Andre dirigentar som har gjesta korpset dei siste åra er m.a. Peter Sebastian Szilvay, Bjørn Sagstad og Trond Korsgård.

MOT-ambassadørar[endre | endre wikiteksten]

Manger Musikklag vart i desember 2010 utnemnd som MOT-ambassadørar som første brassband i Noreg.[2]

Hypermusikal[endre | endre wikiteksten]

Manger Musikklag, som det første brassband i verda, framførte hausten 2009 operaen "Hypermusikal" av Glenn Erik Haugland med Trond Korsgård som dirigent. Prosjektet vart tinga av Manger Musikklag, og var eit samarbeid mellom Opera Omnia, BrassWind-festivalen og Den Nye Opera.

"Hypermusikal" baserar seg på ein idé om å leite etter svar på kva som driv musikantane til å bruke mesteparten av fritida si på å spele i eit brassband. Dokumentaroperaen utspelar seg i ein øvingssituasjon der musikantane gjer seg klare til å konsertframføre eit "verk i verket" – Glenn Erik Hauglands "Musikk til å leve for". Ei gruppe kvinnelege songarar (frå OperaVest) observerer og lyfter fram tankar frå intervju gjort med medlemane av korpset. Tekstane vert i tillegg kommentert av observasjonar frå nevrolog Oliver Sachs' bok "Musicophilia – tales of music and the brain".

I Hypermusikal får ein høyre om korleis musikk har prega oppveksten til musikantane; om førebilete, miljø og korleis det å meistre musikalske utfordringar har vore avgjerande faktorar for musikantane. Vidare fortel dei om korleis det å spele saman påverkar konsentrasjonsevna, rolleforståinga, fokuset og evna til å lytte aktivt. Operaen teiknar eit musikalsk portrett av eit lite samfunn, der spenninga og gleda av å skape musikk saman står i fremste rekkje.

Hypermusikal vart seinast framført i Den Norske Opera i mai 2011.

Plate-/cd-innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Altitude (LP)
  • 1985: Spitfire (MC)
  • 1990: Circius (CD, norsk musikk)
  • 1994: The Binding of the Wolf (CD med musikk av Torstein Aagaard-Nilsen og musikk av John Golland, engelsk komponist)
  • 2001: Graffiti (CD med ny norsk musikk for brass band)
  • 2003: Tribute (CD med norsk og amerikansk-inspirert musikk)
  • 2009: Dynamis (CD med ny norsk samtidsmusikk for brass band skriven av Torstein Aagaard-Nilsen)

Konkurransemerittar[endre | endre wikiteksten]

Manger Musikklag har vunne åtte NM-titlar, og har som einaste korps vunne NM fire gongar på rad.

Manger Musikklag har vunne Siddis Brass (nasjonal konkurranse i underhaldningsmusikk for brassband) sju gongar, seinast i 2010.

Manger Musikklag vann Grenland internasjonale brass festival seinast i 2009.

Manger Musikklag har representert Noreg ved fjorten europameisterskap sidan 1978. Dei beste plasseringane er 1. plass i 2011, 2. plass i 1981 og 3. plass i 1996.

Repertoarutvikling[endre | endre wikiteksten]

Manger Musikklag urfremfører minst eitt nytt norsk verk kvart år. Korpset har de siste åra tinga og/eller urframført musikk av:

Æresmedlemar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande personer er utnemnd til æresmedlem i Manger Musikklag:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 4barsrest.com Results: 2011 European Championships
  2. Manger blir MOT-ambassadør spilleglede.no publ. 2. desember 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]