Mangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Mangerfjorden er ein fjordarm av Hjeltefjorden i kommunane Meland og Radøy i Hordaland. Han har ei lengd på 7,5 km og held fram som Radfjorden på andre sida av øya Bongno.

Mangerfjorden har innløp mellom Eidsneset på Holsnøy i sør og Klubbsøyni ved øya Toska i nord. Halvvegs inn i fjorden ligg tettstaden Manger på nordsida av fjorden. Rett over fjorden ligg grenda Husebø.

Den totale lengda til Mangerfjorden, Radsfjorden og den vesle Kvernafjorden lengst søraust, som er i same fjordsystem, er 21 km. Koordinatar: 60°37′24.118″N 4°58′31.559″E