Manierismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Manierisme)
Nedtakinga frå 1528/29 av Jacopo da Pontormo.
El Greco: «Kristi dåp». Måleri, 16081614.

Manierismen (frå italiensk maniera) er ein stilperiode i kunst- og musikkhistoria frå om lag 1520 til noko inn på 1600-talet. Sjølve namnet «manierisme» kjem frå maniera, som eigentleg tyder ‘stilfull framferd’ med vekt på enkel eleganse, jamvekt og harmoni. I samband med kunst (inkludert musikk) og kunstnarar (inkludert komponistar og musikarar) blir ordet «manierisme» helst bruka i samband med openlys og gjerne overdriven bravur, virtuositet og lunefull framferd.

Tidsavgrensing[endre | endre wikiteksten]

Manierismen oppstod kring 1520 og var i stor grad ein reaksjon mot høgrenessansen si vekt på harmoni, symmetri og balanse. Det tidlegaste eksemplet på manierismen er truleg Michelangelos vestibyle til Biblioteca Laurenziana (152] i Firenze. Tydelege kjennemerke på den nye stilen inkluderer bruk av svært uortodokse arkitektoniske element og detaljar. Manierismen vart tidlegare kalla seinrenessanse, men i dei siste tiåra har det vore stadig aukande semje i kunsthistoriske og musikkhistoriske fagkrinsar om at dette ikkje var ein dekkjande term. Sjølv om ein no ser manierismen som stilistisk ulik renessansen, så fell manierismen inn under same perioden som seinrenessansen og eksisterte som ei parallell og opposisjonell retning i denne perioden. Innanfor musikken er madrigalen eit av dei tydelegaste uttrykka for manierismen.

Stildefinisjon[endre | endre wikiteksten]

Kjenneteikn for manierismen i biletkunsten er klåre fargar, gjennomtenkt komposisjon, overdrivne former og dramatiske rørsler, gjerne med gjentakingar av velkjende verkemiddel. I musikken har ein på tilsvarande vis klare harmoniar med sterke verkemiddel som kromatikk og dramatiske skifte av rytmisk og tonal puls i samsvar med skifta i tekstinnhaldet. Manierismen står på dette viset i tydeleg motsetnad til høgrenessansens panharmoni, symmetri, og diskrete perfeksjon slik vi ser i verka åt Rafael. Typiske representantar for manierismen er El Greco i biletkunsten og Carlo Gesualdo i musikken.

Ein annan definisjon av manierismen peiker i staden på kontrasten mellom den realistiske og perspektivistiske biletkunsten med sine velbalanserte menneskeformer i høgrenessansen og mange av dei seinare kunstnarane si medvetne forvrengjing av proporsjonar og perspektiv. Desse forvrengjingane, som hadde kjenslemessig og kunstnarleg motivasjon, har i løpet av 1900-talet vorte definerte som ein eigen stil med namnet «mainierisme» — men utan dei negative konnotasjonane som høyrer til dette ordet. I denne tydinga av ordet lyftar ein fram fridommen for dei individuelle kunstnarane etter 1520 som førte med seg at kunsten for første gong i kunsthistorien byrja å handle om seg sjølv. Manierismen er vorte kalla dei intellektuelle sin stilepoke i motsetnad til høgrenessansen sitt regelrette, aristokratiske uttrykk. Manierismen har òg vorte sett i samanheng med motreformasjonen — da som motsetnad til det som vart oppfatta som protestantismen si kjenslekulde.

Utsnitt frå Madonnaen med den lange halsen av Parmigianino.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Manierismens målarkunst er særleg representert ved El Greco, som i måleriet Greve Orgaz gravferd (1586) bruker virvlande former og fargar for å skapa eit dynamisk, visjonært bilete av himmelen. Karakteristisk for El Greco sine komposisjonar er langstrakte former, svepande rørsler og klåre fargar. Parmigianino overdriv dei menneskelege formene i Madonnaen med den lange halsen (1532).

Andra målarar innanfor manierismen er mellom anna Jacopo da Pontormo, Rosso Fiorentino, Agnolo Bronzino, Tintoretto og Hans von Aachen.

Skulptur[endre | endre wikiteksten]

Frans den førstes saltkar

Benvenuto Cellini viser i Frans den førstes saltkar ein prakt og ynde som er karakteristisk for manierismen. Cellini, og mange andre kunstnarar med han, brukar estetisk form som verkemiddel for å appellere til kjenslene åt tilskodaren. Giambologna sin skulptur Rovet av sabinarkvinnene viser rørslene og dramatikken i scena svært tydeleg med hjelp av dei samanfletta konturane og den valdsamme krafta verket utstråler. Giambologna brukar overdrivne uttrykk og formidlar på dette viset ei kjensle av sprudlande kraft.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Palazzo del Tè i Mantova.

Til dei fremste arkitektoniske verka innanfor manierismen blir rekna, utanom den allereie nemnde vestibylen i Biblioteca Laurenziana, Giulio Romanos Palazzo del Tè (1527–1534) i Mantova. I fasaden lèt han triglyfane i frisa henge ned, og han brukte sluttsteinar utan strukturell funksjon i vindaugsrammene. Arkitektkollegaer som ville vera trugne mot den vitruvianske tradisjonen retta skarp kritikk mot desse detaljane. I Roma teikna Baldassare Peruzzi Palazzo Massimo alle Colonne (1532–1536) med kontrastrik utforming av fasaden.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Innan manieristisk musikk var madrigalen ei ynda form, der både diktarar og komponistar kunne visa fram stil og ulike triks til glede for kjennaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Manierismen