Manifesto av Roxy Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manifesto
Studioalbum av Roxy Music
Utgjeve 16. mars 1979
Innspelt 1978–1979
Studio Ridge Farm Studio i Rusper i Sussex i England; Basing Street Studios i London
Sjanger
Lengd 42:33
Selskap
Produsent Roxy Music
Roxy Music-kronologi
Roxy Music Greatest Hits
(1977)
Manifesto Flesh + Blood
(1980)


Singlar frå Manifesto
  1. «Trash»
    Utgjeve: 9. februar 1979[1]
  2. «Dance Away»
    Utgjeve: 13. april 1979[1]
  3. «Angel Eyes»
    Utgjeve: August 1979[1]

Manifesto er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music. Det vart gjeve ut i mars 1979 på E.G. i Storbritannia, Polydor i Europa og Atco i USA.

Albumet kom ut etter ein nesten fire år lang pause og var det første studioalbumet deira sidan Siren i 1975. Den første singelen frå Manifesto var «Thrash», som berre så vidt nådde topp 40 på den britiske singellista.[2] Den andre singelen, den disco-aktige «Dance Away», førte bandet opp til andreplassen i Storbritannia og vart ein av dei største hittane deira og ein av die bestseljande singlane i Storbritannia i 1979. Songen vart òg gjeven ut som ein 12" utvida versjon (på over seks og eit halvt minutt), eit format som hadde byrja å verte populært mot slutten av 1970-åra. Den tredje singelen frå albumet var ein nymiksa versjon av «Angel Eyes». Denne var langt meir elektronisk og «disco»-aktig. og vart òg gjeven ut i ein lang 12"-miks og som nådde Topp 5 i Storbritannia i august.[2]

Sjølve albumet nådde sjuandeplassen i Storbritannia[2]. I USA nådde albumet 23. plassen på Billboard 200, den høgaste plasseringa Roxy Music klarte i USA.

Plateomslaget syner eit bilete av mange mannekengar laga av Bryan Ferry, motedesigner Antony Price og den amerikanske TV-skodespelarinna Hilary Thompson, blant fleire. Biletdiskversjonen av albumet synte ein versjon av designet der mannekengane var utan klede. Typografien på omslaget og tittelen på albumet var inspirert av den første utgåva av det litterære magasinet til Wyndham Lewis, Blast.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

På den originale vinylutgjevinga var side ein kalla «East Side» og side to var kalla «West Side».

Etter songen vart ein hit, vart original versjonen av «Dance Away» byta ut med singel-miksen for den andre trykkinga av albumet. Seinare vart òg LP-versjonen av «Angel Eyes» òg erstatta av den meir populære nyinnspelinga av singelen. Den originale CD-versjonen av albumet nytta denne reviderte sporlista, før LP-versjonen av «Angel Eyes» vart henta attende for den ommastra utgåva av albumet frå 1999. Manifesto kom omsider på CD i den originale forma si i plateboksen The Complete Studio Recordings i 2012.[3] Den første LP-versjonen av «Angel Eyes» kom først ut i USA på den amerikanske samleplata The Atlantic Collection, medan den første LP-versjonen av «Dance Away» kom ut på CD for første gongen i 1995 i plateboksen The Thrill of It All.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Christgau's Record GuideA−[5]
Pitchfork7.5/10[6]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Smash Hits8/10[8]
Spin Alternative Record Guide7/10[9]

Manifesto fekk positive meldingar av kritikarane, men vart ikkje like kritikarrost som tidlegare Roxy Music-album. I meldinga si for Melody Maker skreiv Richard Williams:

« Manifesto er eit verdig forsøk på å få både form og innhald til å matche sine eigne interne tankar. Det snakkar framleis om Ferry sine personlege dilemma (som grovt sett kokar ned til det evige valet mellom lêr eller tweed, mellom kvinner som tør og kvinner bryr seg), og ønskjer å tilfredsstille dei som kjøpte «Virginia Plain» medan det kneler for dagens amerikanske radiokultur. Er det kompromittert av vekta si av denne dobbel-schizofrenien? Det er i alle fall mindre slagkraftig. Men med førehald om dette, kan dette vere den første returen av dette slag som er forsøkt med ein viss grad av ekte suksess: ein teknisk knockout mot alle odds.[10] »

Max Bell i NME var lunken til albumet:

« Til sjuande og sist syns eg det var vanskeleg å bli entusiastisk for Manifesto, og ein ny lytt til «Would You Believe» og «Sea Breezes» indikerer kvifor. På mange måtar har bandet komen rundt att utan å utvikle seg noko dramatisk nytt - i det minste - ikkje i høve til den tidlege standarden ... Kanskje større kjennskap til Manifesto vil avsløre skjult magi. No kjem det berre gjennom som ein trygg, moderne dukkert i vennleg territorium - eit underhaldande, hyggeleg album.[11] »

Village Voice-skribenten Robert Christgau skreiv: «Dette er ikkje Roxy på sitt mest nyskapande, berre det mest lyttbare – heile 'West Side' opprettheld den avslappande, behagelege funky rytmen det har til hensikt å skape, og vanskane med 'East Side' er neppe uoverkommelege.»[5]

Greil Marcus skreiv i Rolling Stone:

« Så plata har sine augneblink - augneblink få band ikkje ein gong kjenner til - men som med den skamlause (og meiningslause) tittelen «Manifesto», er summen av det smått. Ferry kunngjer at han er for fyren «som heller vil døy enn å bli bunden»; han har sjeldan driven med ein slik banalitet, og syng teksten som om han håper ingen vil høre dei. Lyden kan vere i live, men soga er nesten stille. Det er ikkje det at Ferry har gjeve det opp. Han byrja å lage soloalbum lenge før Roxy gav seg - starta med ei opprørande samling av oldies-coverar, These Foolish Things, og framover til fjorårets forbløffande The Bride Stripped Bare - og på desse LP-ane fortset soga om ein mann som slit med å finne seg bak masken si, og ein kjæraste bak hennar. Det er ei soge i melodrama, men driven av terror og medkjensle: det desse har er intensiteten Manifesto aldri klarar å nå.[12] »

Det vart rangert på 30. plassen på Pazz & Jop-lista over dei beste albuma i 1979, laga av ei rekkje kritikarar og publisert i The Village Voice.[13] I 1992 gav Rolling Stone Album Guide albumet fire stjerner og sa «det omgrupperte Roxy verkar betre for resten: blandar behendig friske rytmar inn i signaturlyden sin, kortar ned dei musikalske passasjane og konsentrerer seg meir om songhandverket.»[14]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Side ein – «East Side»
Nr.TittelLengd
1.«Manifesto» (Ferry, Phil Manzanera)5:29
2.«Trash» (Ferry, Manzanera)2:14
3.«Angel Eyes» (Ferry, Andy Mackay)3:32
4.«Still Falls the Rain» (Ferry, Manzanera)4:13
5.«Stronger Through the Years»6:16
Side to – «West Side»
Nr.TittelLengd
1.«Ain't That So»5:39
2.«My Little Girl» (Ferry, Manzanera)3:17
3.«Dance Away»4:20
4.«Cry, Cry, Cry»2:55
5.«Spin Me Round»5:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Roxy Music

Andre medverkande

Teknisk

  • Rhett Davies – lydteknikar
  • Jimmy Douglass – lydteknikar
  • Phill Brown – lydteknikar
  • Randy Mason – lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[15] 13
Austerrikske album (Ö3 Austria)[16] 25
Canada Top Albums/CDs (RPM)[17] 24
Nederlandske album (MegaCharts)[18] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[19] 37
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[20] 8
Svenske album (Sverigetopplistan)[21] 11
Britiske album (OCC)[22] 7
US Billboard 200[23] 23

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Nederland (NVPI)[24] Gull 50 000^
New Zealand (RMNZ)[25] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[26] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Manifesto (Roxy Music album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2011 og 21. juli 2021
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 931. ISBN 1-84195-860-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Roxy Music». Official Charts Company. Henta 19. juli 2021. 
  3. «VivaRoxyMusic.com Fansite». Henta 27. januar 2012. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «Manifesto – Roxy Music». AllMusic. Henta 19. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  6. Ewing, Tom (13. august 2012). «Roxy Music: Roxy Music: The Complete Studio Recordings 1972–1982». Pitchfork. Henta 18. juli 2021. 
  7. Sheffield, Rob (2004). «Roxy Music». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 705–06. ISBN 0-7432-0169-8. 
  8. Starr, Red (3–16. mai 1979). «Albums». Smash Hits 1 (11): 25. 
  9. Sheffield, Rob (1995). «Roxy Music». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 336–38. ISBN 0-679-75574-8. 
  10. Williams, Richard (3. mars 1979). «Roxy Music: Manifesto». Melody Maker. Henta 18. juli 2021. 
  11. Bell, Max (10. mars 1979). «Roxy Music: Manifesto». NME. 
  12. Marcus, Greil (3. mai 1979). «Manifesto». Rolling Stone. Henta 18. juli 2021. 
  13. «The 1979 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. 28. januar 1980. Henta 18. juli 2021. 
  14. DeCurtis, Anthony. »Roxy Music". Rolling Stone Album Guide. 1992. pg. 607
  15. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  16. "Roxy Music - Manifesto" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  17. "Top RPM Albums: Nummer 4779a". RPM. Library and Archives Canada.
  18. "Roxy Music – Manifesto". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  19. "Offiziellecharts.de – Roxy Music – Manifesto" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  20. "Roxy Music – Manifesto". Charts.org.nz. Hung Medien.
  21. "Roxy Music – Manifesto". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  22. "19790610 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  23. "Roxy Music Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roxy Music. Prometheus Global Media.
  24. «Dutch album salstrofé – Roxy Music – Manifesto» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  25. «New Zealand album salstrofé – Roxy Music – Manifesto». Recording Industry Association of New Zealand. 
  26. «British album salstrofé – Roxy Music – Manifesto». British Phonographic Industry.  Enter Manifesto in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go