Manila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Manilla)
Hopp til navigering Hopp til søk
Manila
by
Binondo and Pasig River (Manila; 06-13-2019).jpg
Distirktet Binondo og Pasigelva i Manila.
Land Flag of the Philippines.svg Filippinane

Manila
14°36′0″ N 120°58′0″ E
Wikimedia Commons: Manila

Manila (tagalog Maynila) er hovudstaden på Filippinane. Byen ligg på øya Luzon inst i Manilabukta. Med rundt 1,5 million innbyggjarar er han den nest største byen i landet, etter Quezon. Det er likevel den byen i verda der folk bur tettast, over 41 000 innbyggjarar per km2.

Manila er det økonomiske, kulturelle, utdanningsmessige og industrielle sentret på Filippinane.

Andre namn på byen[endre | endre wikiteksten]

Byen har ofte vorte kalla Orientens perle, særleg før kampar mellom japanske okkupantar og amerikanske styrkar øydela svært mykje av han under andre verdskrigen.

Det spanske namnet Insigne y Siempre Leal Ciudad klarte aldri å slå igjennom.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]