Manipulator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manipulator på ein robot.

Ein manipulator er eit instrument som blir brukt til å handsama noko i staden for at ein bruker handkraft.

Instrumentet nyttast til å utføre funksjonane til handa i eit utilgjengelig område (i vakuum, ved svært låge eller høge temperaturar og liknande), med stoff som ikkje må rørast av hand (radioaktive stoff, gift) eller der handkrafta ikkje strekkjer til. Ein god manipulator skal ikkje berre ha dei naudsynte gripeegenskapane, men òg gje operatøren kjensla av korleis han arbeider slik at han ikkje grip for sterkt eller for svakt. Han blir fortrinnsvis nytta til å utføre operasjonar som ikkje lèt seg automatisere. I enkle manipulatorar blir rørsla overført til handa direkte ved hjelp av stenger og ledd. Meir kompliserte og større manipulatorar vert drivne av motorar som blir styrt av handrørsla. Ved tilbakekobling oppnår ein føling med rørslene, men kreftane som blir omsett kan vere av ein heilt annan storleik enn kva handa følar. Dei blir bygd mellom anna for å røre tunge delar av kjernefysiske reaktorar.

fjernstyrte undervassfartøy er det vanleg å ha ein fjernstyrt arm som manipulator. Denne kan ha ein eller fleire funksjonar, ein skil mellom hovudtypane tal på funksjonar. Den mest vanlege utrustinga på ein fjernstyrt undervassfartøy er ein 5-funksjonsmanipulator og ein 7-funksjonsmanipulator. Dei mest brukte manipulatorane er hydraulisk drivne av hydraulikkaggregat på fartøyet, men det finst også elektriske utgåver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]