Manna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sanking av manna. Illustrasjon frå Augsburger Wunderzeichenbuch frå 1500-talet.

Manna er i følgje Andre mosebok, sekstande kapittel, ein mat Gud gav israelittane å ete medan dei gjekk i ørkenen etter utferda frå Egypt. Det kan også visa til ei søt plantesaft, særleg ei utvunne frå mannaask. Manna er avleidd frå hebraisk man, 'gåve', via arameisk og gresk.[1]

Israels-folket åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygde land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana’ans-landet.

I følgje Bibelen var maten israelittane kalla «manna» «kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake».[2] Det låg som fint rim på marka om morgonen, og dei kunne sanke det i store mengder, men om dei lét noko av det dei hadde sanka vere att til morgons, gjekk det makk i det, og det lukta vondt. [3]

Manna er forklart som plantesaft frå tamariskar som veks på Sinaihalvøya, spesielt Tamarix mannifera, ein variant av Tamarix gallica. Plantesafta storknar til søte, velsmakande kuler.[4] Men den planesafta folk i dag kan finne i Sainaiørkenen er ikkje heilt slik Bibelen skildrar mannaen israellittane fekk å ete i ørkenen, så fenomenet er òg forklart på andre måtar, herunder som eit Guds under.[5]

I Johannes' openberring vert kyrkjelyden i stilt i utsikt å få ete av «den løynde manna»,[6] kanskje eit symbol på lukka i Paradis.

Referansar[endre | endre wikiteksten]