Manndalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manndalen
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg

Manndalen
69°31′23″ N 20°32′19″ E
Senter for nordlige folk.
Foto: Kimberli Mäkäräinen
Wimme på Riddu Riđđu-festivalen i 2010
Manndalen skule.
Foto: Kimberli Mäkäräinen

Manndalen (kvensk Olmavankka, nordsamisk Olmmáivággi) er ei bygd i Kåfjord kommune i Troms. Bygda har i underkant av tusen innbyggjarar, og primærnæringar har vore viktige så lenge det har budd folk i dalen. Manndalen er mellom anna kjend for læstadianisme, husflidsverksemd der manndalsgrena speler ei viktig rolle, og den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bygda ligg omtrent 160 kilometer frå Tromsø etter E8/E6 via Nordkjosbotn og Skibotn. Landskapet er dominert av fjell, og busetjinga strekker seg frå E6 ved sjøen nede i bygda og 13 kilometer opp i dalen. Gjennom heile dalen renn Manndalselva midt mellom fjella i u-dalen og kjem ut ved sjøen. Frå Løkvoll nedst i dalen kan ein sjå rett over fjorden til kommunesenteret Olderdalen. Dit kan ein enklast komma ved å køyra omtrent 30 kilometer via Birtavarre inst i Kåfjord.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk med sau, geiter og kyr, og dessutan fiske har gjennom generasjonar vore hovudnæringa til innbyggjarane på staden, i tillegg til nødvendige servicenæringar som til dømes daglegvarehandel og andre tenesteytingar. Saueoppdrett og mjølkeproduksjon er dei to mest framtredande formene for jordbruk som er i drift i dag. Øvst i dalen er det framleis seter med sau og geit i drift på sommaren. Anna næringsverksemd på staden er mellom anna husflid, sjøbodutleige, buss- og bilutleige, pub, verkstad og campingplass i tillegg til Senter for nordlige folk som mellom anna husar samisk språksenter, museum, bibliotek, festivaladministrasjon og kontor for Sametingets kulturminnevern.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Manndalen var busetjingsområde for «møtet mellom tre stammar» (kvener, samar og nordmenn), og er kjend som ei bygd med sterke tradisjonar. Under andre verdskrigen blei befolkninga til bygda evakuert og tyskarane brente ned alt dei kom over. Soga seier at berre ein utedo overlevde. Kåfjord var den sørlegaste kommunen i Noreg der tyskarane brente ned dei fleste bygningane.

Etter krigen blei det bygt provisoriske hus av restmateriale som blei gitt til befolkninga, men som så måtte betalast tilbake til staten. Den mest kjende historia frå etterkrigstida er historia om «kåken »til Anton Sjåbakken som blei taksta til 2700 kroner, som tilsvarte ei årslønn på den tida, noko han nekta å betala. Han skreiv så det velkjente brevet om «Sjit helvedes kåken» til Kåfjord byggekontor, som den einaste som protesterte på å måtta tilbakebetala restmaterialet som blei utlevert etter krigen.

På Sandeng kyrkjegard like ved Løkvoll ligg Jan Baalsrud si urne etter hans eige ønske. Kompani Linge-soldaten blei så glad i Manndalen etter all hjelpa han fekk under flukta si frå tyskarane på veg mot Sverige at han ønskte å ha den siste kvilestaden sin her. Mange mannsdalingar var aktive i å skjula soldaten, gje han mat og få han over grensa til Sverige som var eit nøytralt land under andre verdskrigen.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Mellom anna grunna uår i Finland flytta eit stort tal menneske derfrå til Nord-Noreg, dei to største bølgjene kom på midten av 1700-talet og sidan på midten av 1800-talet. Dei spreidde seg opp Tornedalen, ned mellom anna Skibotndalen og sidan mellom anna i Lyngen-området, inkludert Kåfjord og Manndalen. Mange drog òg vidare til Finnmark. Mange mannsdalingar reknar seg derfor i dag som kvener, etterkommarar av desse jordbrukarane og rydningsfolka som kom og slo seg ned.

Manndalen tilhøyrde sommarbeiteområdet til reindriftssamane frå Karesuando, som kom ned frå fjellet og brukte dalen om sommaren medan dyra beita. Både dei fastbuande kvenene, samar og nordmenn snakka både kvensk eller finsk, samisk og norsk før fornorskingsperioden (ca. 1850–1950) gav ein knekk til det språklege og kulturelle mangfaldet i Nord-Noreg. Dei eldste i bygda taler framleis samisk (tidlegare kalla «lappisk» i bygda) seg imellom, og Manndalen er i dag eit sentrum for revitalisering av sjøsamisk kultur og språk i Nord-Troms med mellom anna ei samisk avdeling i barnehagen og samisk språksenter. Mange mannsdalingar reknar seg derfor òg som samar eller som etterkommarar etter samar.

På Manndalen skule får barna mellom anna tilbod om både kvensk og samisk som andrespråk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]