Mannefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°59′19.068″N 7°27′25.092″E

Mannefjorden sett frå Sjøsanden i Mandal

Mannefjorden er ein fjord i Mandal kommune. Han har innløp frå Skagerrak og strekker seg om lag 5 km nordover mot sjølve byen Mandal.

Ryvingen fyr ligg på austsida av innløpet til fjorden, rett sør for Skjernøya. Andre øyar på austsida er Ferøy, Stussøy og Gismerøya, som har brusamaband over til fastlandet ved Kleven. På vestsida ligg øyane Storøy, Mannevær, Hatholmen, Risøya og Aspholmen.

I sentrum av Mandal munnar Mandalselva ut i Mannefjorden. Ho dannar eit lite estuar innover i Mandal ved Malmøy. På vestsida av munningen til dette estuaret ligg sandstranda Sjøsanden, som er ein kjend turistattraksjon i Mandal. Litt vest for Sjøsanden igjen ligg innløpet til Skogsfjorden, som ligg på vestsida av sjølve Mandal.