Mannen med ljåen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Personifikasjon av døden i vestleg kultur.

Mannen med ljåen er eit symbol på og ein personifikasjon av døden i europeisk og amerikanske kulturhistorie og moderne populærkultur. Skikkelsen blir gjerne framstilt som eit uhyggeleg, menneskjeskjelett i kappe med ein ljå. Ljåen skal vera eit symbol på at døden haustar inn liv og sjeler slik som ein bonde skjærer gras og korn utan å spare nokon. Skikkelsen kan òg bli skildra som ein dødsengel med store, fjærkledte vinger.

Det finst ei mengde andre personifikasjonar av døden i mytologi, religion og folketru, slik som Atropos og Thanatos i gresk mytologi, Azrael i jødedommen, islam og sikhismen, dødsguden Yama i hinduismen og den japanske Shinigami.

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Døden blir framstilt på mange område i populærkultur, slik som teikneseriar, tv-seriar, dataspel, film og litteratur.

Døden er ein karakter i båe Marvel Comics og DC Comics. Når det gjeld dataspel er døden tilstede som karakter i dei fleste Castlevania-spel, og ein kan spela døden som hovudkarakter i Darksiders 2 frå 2012. I The Sims-serien kan ein snakka og ha samhandling med mannen med ljåen når han kjem for å ta med seg avdøde sims-karakterar.

Handlinga i Harry Potter og dødstalismanene frå 2007, den siste boka i J.K. Rowling sin Harry Potter-serie, har handling rundt eit eventyr med namn «Historia om dei tre brørne», der døden møter tre trollmannsbrør og gir dei ein gåve kvar, i håp om å gjere krav på dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.