Mannfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°59′38″N 16°26′55″E Mannfjorden (samisk Spællá) er ein fjordarm av Tysfjorden i Tysfjord kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 11 km søraustover til grenda Mannfjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjårnes i sør og Tørrnes i nord. Fjorden går først austover, men etter Kvassvikodden snur han nesten rett sørover. Her går derimot Muskvika austover til garden Mosken. Vidare innover i fjorden er det ingen busetnader før Mannfjorden som ligg heilt inst i fjorden.