Mannheller
Mannheller | |||
![]() | |||
Mannheller ferjekai ei sommarnatt i 2005. | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1995 | ||
Som del av | ![]() | ||
Stad | Mannheller | ||
Kommune | Sogndal kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Overtok for | Kaupanger ferjekai | ||
![]() Mannheller 61°09′38″N 7°20′13″E / 61.16055556°N 7.33694444°E |
Mannheller er ei ferjekai 6 km austanfor Kaupanger i Sogndal kommune. Kaia ligg inst i Sognefjorden, mellom armane Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lustrafjorden, og er betent av sambandet Mannheller-Fodnes. Anlegget opna i 1995 som del av nye Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdalsøyri, med ny tunnel Amlatunnelen mellom Mannheller og Kaupanger, og Fodnestunnelen mellom Aspvikane ved Fodnes og Lærdalsøyri.
Ferjekaia har ein fjellhall med kapasitet til hundre bilar som indre del av oppstillingsplassen, med eit spenn på 22 meter. I tillegg har anlegget andre fasilitetar som 4 toalett og eit venterom.
Amlatunnelen splittar opp i to ulike tunnelarmar 350 m frå Mannheller, der trafikken mot Mannheller går til oppstillingsplassen i fjellhallen. Samstundes vert trafikken frå ferjene leia rett inn i ein tofelts tunnelarm for feltfletting og kryssing av av det motgåande tunnelløpet før tunnelarmane samlast att 500 m lenger inn. Denne armen er lengre då han går inne i fjellet parallelt med oppstillingsplassen på ferjekaia. Anlegget har òg eit gjennomkøyringsfelt ved oppstillingsplassen med tilkomst til tunnelarmen frå Mannheller, og ei rundkøyring ytst på kaia som tillèt køyretøy å snu attmed ferja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |